Poing_350x233

Nyheitskavalkade Surnadal 2010 - juli

Trollheimsporten sin kavalkade gir deg både små og store hendingar frå Surnadal i året vi snart er ferdige med. For Rindal vil ein eigen nyheitskavalkade også kome kvar dag. Begge kavalkadane presenterer bilder og nyheiter, og skal du få med deg alt kjem nyheitene for ein månad kvar dag fram til 2. januar 2011. I dag presenterer vi juli, der Stangvikfestivalen sette sitt preg på kulturaktiviteten.

JULI

Under På Porten på Hovedsida finner du kavalkadene både fra Surnadal og Rindal etter kvart som dei kjem. Klikk på Kavalkade og sjå alle månadene!

Surnadal Varme og Sanitær kunne i byrjinga av juli melde at dei var godt i gang med den "nye" rørfabrikken i Røtet. Vogntog med maskiner som var blitt til overs ved Pipelife sitt Stathelle-anlegg var på veg, slik at det skulle blir endå meir røyrproduksjon i Surnadal. Rundt 500 kvadratmeter av den nedlagte rørfabrikken til Wavin skulle takast i bruk. Initiativet til nyetableringa kom frå Pipelife, som kontakta Magne Løfaldli i SIV Industriinkubator - som igjen kontakta Surnadal Varme og Sanitær. "Etter velvillig behandling i Surnadal kommunestyre 24. juni - 1 mill. kroner i støtte fra næringsfondet og 0,2 mill. fra et annet fond - var inkubatorens første knoppskyting en realitet", skreiv Trollheimsporten-medlem Surnadal Varme og Sanitær på heimesida si. Produkta var i første omgang kveildrensrør til landbruket (åkerdrenering) og kabeldekkplater.

Orkdalsfirmaet Hamos overtok frå 1. juli all henting av avfall og også all administrasjon av renovasjonsordninga i Surnadal. Surnadal vart eigarkommune nummer elleve, og Hamos tok over kontraktene som kommunen hadde med sine underleverandørar - og dermed også driftsansvaret.

Investorforumet NoRo vart danna for kjøp og sal av spelarar for Molde FK, Kristiansund BK og Surnadal IL. - Målsettinga er i første omgang å sikre MFK sin plass i Eliteserien og bidra til å løfte KBK til 1. divisjon. For Surnadal IL vil det bety styrka økonomi, og for alle tre klubbane vil det kunne gje sportsleg gevinst gjennom utveksling av spelarar, sa MFK sin klubbleiar Erik Berg. Surnadalingen Lars Løseth, som også er inne i gruppa med L.L. Holding AS, er leiar av NoRo-forumet.

Bilde nr. 1: I juli kom også nyheita om at Amfi Kreativ sin utviklingssjef Heid Snekvik 1. oktober 2010 går inn i ei nyoppretta stilling som marketingsjef i Talgø Invest AS. Der får ho hovudansvar for all marknadsføring i selskapa MøreTre AS, T-komponent AS, Talgø Møbelfabrikker AS samt Talgø sine Byggmakker-butikker.

Siv Teknikk i Surnadal gikk konkurs, og åtte tilsette mista arbeidet. Kostnadane vart for store for bedrifta som jobba med termisk sprøyting og maskinering og som hadde offisiell opning i september 2008. Gründarane Jan Tore Andersen og Asbjørn Saltrø var saman med tidlegare dagleg leiar Magne Løfaldli allereie i kontakt med potensielle investorar som var interessert i å starte ny drift. Siv Teknikk oppsto på ruinane etter at røyrselskapet Wavin forlot Surnadal for nokre år sidan. Siv Teknikk var eigd av moderselskapet Surnadal Industri Vekst (66 prosent), medan Jan Tore Andersen og Asbjørn Saltrø hadde til saman 34 prosent.

Bilde nr. 2: Tor Rune Halset på Hammerstuene hadde travle dagar under årets Øra-Martnad første helga i juli, men var godt fornøgd med martnaden og publikumsbesøket. - Laurdag kveld var heile 430 personar her på utedansen med Daladreker'n, fortalde Halset, som er martnadsleiar og blant eldsjelene som står på for å skape aktivitet på Surnadalsøra. Øra-Martnaden foregikk i godt ver både laurdag og søndag, og stemninga var god hos publikum og dei mange utstillarane. Loppemarknad i Trudvang, konsertar og utstilling i bedehuset, matservering, utedans og mange salsboder prega Øra denne helga. Vilde Johannessen Mikkelsen, Marit Lyngstad, Emma Fiske og Ane Lyngstad - på øvste bildet saman med Tor Rune Halset - var blant dei mange som hadde salsbod, og som tykte det var artig å delta på martnaden.

Allan Troelsen slo til med "hole-in-one" under Surnadal Sparebank Challenge torsdag 8. juli. Banksjefen viste altså veg under banken sitt eige golfarrangement! Troelsen vart dermed den tredje som har klart hole-in-one ved Surnadal Golfpark.

Bilde nr. 3: Laurdag 24. juli gikk det populære Nordmarkstråkket 2010 - tidligere kalla Markatråkket - av stabelen. Det 60 kilometer lange rittet gikk også i år langs fylkesveg 325 frå Skei og opp Dalsegga, vidare over Nordmarka og ned til Skei igjen. Ola Inge Drøpping frå Nesset CK var raskaste deltakar med tida 1.45,28.

Bilde nr. 4: Yngvild Sæter sitt fotoprosjekt ”Stangvik 2010” var festivalutstillinga under årets Stangvikfestival. Sæter har fotografert alle fastbuande stangvikgardingar, i eit prosjekt som meint som eit tidsbilde, i tråd med Hans Hyldbakk sitt arbeid med bygdebøker. Stangvikfestivalen blir omtala som ein kammermusikkfestival, men inneheld så mykje meir enn det. Vel står det både klassisk og samtidsmusikk på programmet, men det meste kan skje - og det skjer! Årets festival "tjuvstarta" i Pakkhuset i Todalen torsdag 29. juli, medan det fredag var offisiell med intimkonsert i Prestegarden. Med rundt 80 tilhøyrarar var det fullt i konsertrommet, og dei frammøtte fekk oppleve mellom anna nye komposisjonar i moderne lyddrakt, markering av 200-årsjubileet for Schumann sin fødsel - og stangvikræpp! I løpet av helga var det både krimkveld i Bondehuset, konsertar i Rutlåven og Bondehuset, fotballturnering og boklansering på Svissholmen.