B�gdeungdommen_350x233

Nyheitskavalkade Surnadal 2010 - oktober

Trollheimsporten sin kavalkade gir deg både små og store hendingar frå Surnadal i året vi snart er ferdige med. For Rindal vil ein eigen nyheitskavalkade også kome kvar dag. Begge kavalkadane presenterer bilder og nyheiter, og skal du få med deg alt kjem nyheitene for ein månad kvar dag fram til 2. januar 2011. I dag presenterer vi oktober, der Surnadal Sparebank sitt store korslag med over 200 lokale songarar i aksjon i idrettshallen, så definitivt sette sitt preg på månaden.

OKTOBER

Under På Porten på Hovedsida finner du kavalkadene både fra Surnadal og Rindal etter kvart som dei kjem. Klikk på Kavalkade og sjå alle månadene!

Etter ti år som sentral i oppbygginga av Norsk Laksefestival i Surnadal, har Ragnar Halle gitt seg som leiar for hovudkomiteen. Ny leiar er Kristin Nyhagen, som med seg i styret har Ragna Marie Mauset (leiar av underkomiteen for fiskekonkurransen), Trygve Roaldset (teknisk komité), Magnar Holten frå Profero AS (dagleg leiar/sekretær), Britt Brauten, Bjørn Fjelnset (marknadskomiteen), Ole Petter Talgø (webredaktør) samt Olav Heggset og Janne Husby som har eit felles ansvar for underhaldningkomiteen.

Surnadal sitt A-lag i fotball avslutta sesongen med tap 0-6 i bortekampen mot Træff 2, utan at det betydde noko som helst. Surnadal endte på ein trygg femteplass på tabellen med 37 poeng, og dermed fornya plass i 3.divisjon.

Bilde 1: Banksjef Allan Troelsen i Surnadal Sparebank var mesta rørt da han skulle takke alle aktørane som gjorde Korslaget 2010 til ein suksess! Sju lokale kor med over 200 songarar sørga 9. oktober for fantastisk stemning i Surnadal Idrettshall. Over 1000 publikummarar hadde fått plass, og mange måtte snu ved inngangen! Slik såg resultatet ut: Kora hadde sjølv stemt på sin favoritt, og det vart Bøgdaungdommen! Juryen - Liv Dalsegg, Maret Heggset og opphavsmannen, Palmer Vikan - kom fram til at favoritten deira var Feltkoret. Hovedvinnarkoret, som vann SMS-avstemninga, vart Åsskardkoret. Bildet viser alle korsongarane og dirigent Rolf Arne Berg under avslutninga, fellesnummeret "You raise me up".

18. og 19. oktober fekk Talgøkonsernet ved T-komponent besøk av rundt 15 fjerdeårsstudentar og rettleiarar frå Institutt for produktdesign ved NTNU. Dei var i gang med et samarbeid som tek sikte på å skape kreative og funksjonelle sjølvbyggjarløysninger knytta til ein av T-Komponent sine bestselgarar, hobbyplank.

Kvar haust blir det arrangert såkalla "Bylagsserie" mellom Kristiansund (Nordmøre), Molde (Romsdal), Ålesund (nordre Sunnmøre) og Ulstein (søre Sunnmøre) for spelarar i småguttealder. Ørjan Nes Haugen (bildet) og Brage Hauglann Talgø frå Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen og Steinar Ranheim frå Surnadal fekk plass på laget frå Nordmøre, som Kristiansund Ballklubb administrerer under navnet "Neas-akademiet".

Det er hol i tannlegedekninga i Surnadal, og snart kan det bli like lange køer også i Halsa og Rindal. Ved den offentlege tannklinikken ved Øye er det berre ein tannlege på jobb. Den andre er sjukmeldt. Begge er relativt ferske i faget, og ventelistene blir forlenga for kvar dag, meldte Trollheimsporten i midten av oktober.

Bilde 2: Jon Arne Lesund (40) på garden Øyavoll i Surnadal er snart ferdig med bygginga av nytt fjøs på 800 kvadratmeter. Eit effektivt grisefjøs er løysninga som Lesund har valt for å møte framtida. Grisebonden på Øyavoll tok over bruket etter far sin i 2005, men har heile livet vore med som gardbrukar. - Eg har i ein tiårsperiode teke avløysarjobbar ved sidan av garden, men når eg no er drivar av garden, er det ikkje tid til noko anna. Her på garden er det mjølkeproduksjon i tillegg til gris. Ein kvote på 80 tonn, som det ikkje er hensiktsmessig å utvide. Grovfôrgrunnlaget er ikkje større. Å drive meir intensivt med gris, syntest som beste alternativ for utviding av produksjonen, samtidig som at det er svært spennande, fortalte Lesund.

Teatret Vårt si planlagte oppsetting av "Hele Norges Bennus!" i Surnadal Kulturhus vart avlyst på grunn av minimal publikumsinteresse. Berre to førehandsselte billettar gjorde at teatret i samråd med kulturhuset ikkje viste stykket i Surnadal.

Siv Teknikk i Surnadal gikk konkurs i sommar, og åtte tilsette mista arbeidet. I oktober vart det kjent at gründarane Jan Tore Andersen og Asbjørn Saltrø har starta selskapet Powder Tec Produksjon AS, som etter planen skal ha fem tilsette i byrjinga. Firmaet skal ha termisk sprøyting som kjerneområde og blir ei vidareføring av aktiviteten i Siv Teknikk.

Bilde 3: - Dette er eit svært flott utstillingslokale. Og det var svært gledeleg at så mange mange møtte opp, sa Grethe By Rise. 30. oktober opna Trondheim-kunstnaren si utstilling i Surnadal Kulturhus, der ektemannen Ola By Rise også var med - som "skald". - Dette er første gong eg stiller ut i Surnadal, men eg hadde høyrt mykje fint om lokalet her på førehand. Elling Reitan stilte ut her under Vårsøghelga i vår, og han roste Finstuå for lyset og utforminga, sa Grethe By Rise til Trollheimsporten.

Bilde 4: Siste laurdagen i oktober vart fjordakabareten "Med segl og Wichmann" framført av Bøfjorden Mannskor, Todalskoret, Åsskard Kyrkjekor, solistar, aktørar, barn og musikkgruppe i Storstuå i Surnadal Kulturhus. Bernt Bøe står bak tekst og musikk til kabareten, som vart laga i 1995 og har vore framført i fleire stader på Nordmøre og på Sandøy i Romsdal. "Med segl og Wichmann" er ein liten musikal over levd liv og autentiske hendingar i fjordbygdene våre. Mennene er med skuta "Bøfjord" i strev og storm og stille, medan kvinner og barn ståkar på land. Framsyninga inneheld både humor og vemod, drama og romantikk, og nokre av "gamlekarane" er med i arkivopptak!