2-896d9ab9-afdb15d8_350x190

Nyheitskavalkade Surnadal 2010 - september

Trollheimsporten sin kavalkade gir deg både små og store hendingar frå Surnadal i året vi snart er ferdige med. For Rindal vil ein eigen nyheitskavalkade også kome kvar dag. Begge kavalkadane presenterer bilder og nyheiter, og skal du få med deg alt kjem nyheitene for ein månad kvar dag fram til 2. januar 2011. I dag presenterer vi september, som fekk ein knallstart med Torstein Snekvik sin førsteplass i Melodi Grand Prix junior.

SEPTEMBER

Under På Porten på Hovedsida finner du kavalkadene både fra Surnadal og Rindal etter kvart som dei kjem. Klikk på Kavalkade og sjå alle månadene!

Natt til 1. september var det slutt på årets laksesesong i Surna, ein sesong som blir ståande att som den beste på åtte år. Totalt vart det landa 6880 kilo laks og 490 kilo aure, noko som er dobbelt så mykje som i fjor. - Når statistikken frå Rindal kjem i tillegg, vil årets sesong ende på rundt 7,5 tonn totalt, seier leiar i Surna elveeigarlag, Georg Solem, fornøgd. I 2009 vart det fiska knapt 3,7 tonn laks og aure i Surna i løpet av sesongen frå 1. juni og ut august. 2010 vart ein jubelsesong i samanlikning, og ein må tilbake til 2002 for å finne betre sesong. - I 2002 var det ikkje kvoterestriksjonar slik vi har hatt no, så det er all grunn til å juble over årets sesong, seier Georg Solem. Han er likevel ikkje svært overraska over ein totalfangst på 7,37 tonn laks og aure i Surna i år. - Statistikken viser at det cirka kvart tiande år er "laksetoppar" i elvene, og slik har det stort sett vore i Surna også. Det er grunn til å vente gode år i to-tre år no, før det blir ein ny nedgang. Etter tre svake år i Surna, var det gledeleg at 2010 slo så godt til. At det er god fangst i elva har svært mykje å seie, ikkje minst for turistnæringa i kommunen. Mange fiskarar heldt seg unna Surna eller var avventande i år, medan vi no allereie har registrert stor interesse for både 2011- og 2012-sesongen, seier Solem.

Bilde 1: Laurdag 4.september gikk han til topps i Melodi Grand Prix Junior i Oslo Spektrum. Måndag morgon var det tilbake til skulen for Torstein Snekvik (10). Men det vart ikkje ein vanleg start på dagen: På Stangvik oppvekstsenter vart han naturleg nok det store midtpunktet blant skulekameratane, og Torstein vart gratulert av både ordførar, musikkskulerektor, rådmann og mange andre som var møtt fram for å feire MGP jr.-vinnaren frå Kvanne. Jubelen runga og skulekompisane flokka seg rundt Torstein da han i halv ni-tida om morgonen var på plass igjen på skulen - med vinnartrofeet frå MGP jr. med seg. Med den sjølvlaga "Svikter aldri igjen" sjarmerte tiåringen heile Norge under den NRK1-overførte finalen, og sjølvsagt vart det feiring på Stangvik oppvekstsenter. Einingsleiar Bjørn Høivik heisa flagget, og presse og kommunale gratulantar sto nærmast i kø da Torstein kom til skulen saman med mor Heid Snekvik.

Tjuvar braut opp inngangsdøra og stjal med seg varer for hundretusener av kroner frå gullsmed Monstad i Miljøgata på Skei. Lensmannen i Surnadal og Rindal konstaterte at kun gullvarene var forsvunne. Alt av sølv med smykker og bestikk var igjen. Tjuvane kom seg inn via ei leiligheit på enden av bygget.

Nina Monsøy vart tilsett som dagleg leiar i 60 prosent stilling i fotballgruppa i Surnadal IL, med verknad frå 15. september.

Bilde nr. 2: Endeleg er ho her: Ordlista over surnadalsmålet, ”Ord te gagns”. Heile 6000 unike surnadalsord og eiga lydbok er resultatet av eit tre år langt dialektprosjekt i regi av Surnadal Heimbygdlag. – Vi håpar boka vil inspirere og knytte band mellom fortid, notid og framtid, seier Sverre Hatle, Gunhild Mogstad og Gustav Kvendbø i redaksjonsnemnda. Mange lange kveldar har gått til arbeidet med boka, som byggjer på arkivet Bjarne Østbø etterlot seg i 1980. Styraren ved Surnadal Ungdomsskule sat på både ferdige og uferdige setlar med ord som han registrerte i Surnadal. Desse var samla i et spesiallaga treskrin, som seinare vart overlate til Surnadal kommune. Under Surnadal Heimbygdlag sitt årsmøte i 2006 foreslo Magne Holten at ein kunne gjere noko med dialektmaterialet til Bjarne Østbø. Under årsmøtet 2007 vart ei nemnd beståande av Sverre Hatle, Gunhild Mogstad og Gustav Kvendbø oppnemnd, og i oktober avtalte dei ei dialektspalte med lokalavisa Driva, ”Ord på kistebotnen”, som inviterte lesarane til å komme med innspel til ordlista I perioden fram til februar 2009 aktiviserte heimbygdlaget mange språkinteresserte personar i og frå bygda, som vart viktige medspelarar for nemnda. Ordboka vart også digitalisert og publisert på Surnadal kommune si heimeside. - Det er tydeleg at folk i bygda synes dialekta er viktig. Eg har fått mange telefonar og e-postar av engasjerte sambygdingar i arbeidet meg boka, seier Sverre Hatle. I november 2009 bestemte nemnda seg for å gi ut bok med CD, med eit mål om utgiving før jul 2010. Avtale med trykkeri vart gjort, og dei valde å levere trykkeferdig materiale utan omvegen om forlag.

Bilde nr. 3: I konkurranse med stortingspolitikar Jenny Klinge og ordførar Mons Otnes, sprang Allan Troelsen i mål på 9,0 sekund og vann 60-meteren på Øye stadion 24. september. Banksjefen vart dermed offisiell opnar av det nye stadionanlegget til 21 millionar kroner, som er bygd om frå grusbane til kunststoffdekke på friidrettsanlegget og kunstgras på fotballbanen. Barnehagar, lærarar og skuleelevar frå både Surnadal, Rindal og Halsa var samla for å delta på opninga av det nye bananlegget på Øye. På plass var også politikarar, kommunale representantar og ein god del publikum som i tillegg til 60-meteroppgjeret også fekk høyre talar og skulekorpsmusikk og sjå regional stafettkonkurranse og oppvisningskamp i fotball.

Gerd Ingrid Kvendset vart tilsett som ny dagleg leiar for Laget Vårsøg, medan Leif Otto Frønes vart valt til ny styreleiar. I styret for laget - som står bak den årlege kulturfestivalen Vårsøghelga – sit også Borghild Betten Talgø, Anne Vognild Einum, Einar Grønnes, Bjørn Tore Brøske og Ingebjørg Loe Bjørnstad samt varamedlemmene Oddbjørn Ansnes og Rita Aarnes.

Bilde nr. 4: Med storprosjektet ”SUSrock 2010” har 10.trinnet på Surnadal Ungdomsskule gjort reisa gjennom norsk rock si historie til ei storarta flott forestilling. Sjarm, speleglede, humor og høgt nivå både på det som vart prestert på scena og opplegget rundt heile produksjonen, gjorde at salen i Surnadal Kulturhus kvitterte med ståande applaus etter premieren onsdag 29.september. Elevane hadde jobba med ”SUSrock 2010” sidan februar, og kunne med all grunn vere stolte av det dei hadde fått til med hjelp frå prosjektleiar Håvard Halset og dei andre lærarkreftene.