Steinar Skjerdingstad 2_1024x768

Nyhetskavalkade Rindal 2010 - april

Årets nyhetskavalkade på Trollheimsporten for Rindal er henta frå "Rindal ord i bilde", som er å finne i årsskriftet for Rindal Heimbygdlag. For Surnadal vil ein eigen nyhetskavalkade kome kvar dag. Begge kavalkadane kjører bilder og nyheter og skal du få med deg alt kjem nyhetene for ein månad kvar dag fram til 2. januar 2011. I dag er det april og Steinar Skjerdingstad vart tilsett i Rindalshytter!:

Du kan lese alle sakene på Kavalkade under På Porten når du er på Hovedsida. Ellers finn du stoffet hos Rindal Heimbygdlag som har informasjonsside på Trollheimsporten - kavalkadene ligge på nyhetssida deira.

I dag kan du få med deg alt frå april:

APRIL
Steinar Skjerdingstad (til venstre) slutta som dagleg leiar i Blilyst og starta som dagleg leiar i Rindalshytter AS, etter Per Jarle Eide. Skjerdingstad starta i nyjobben 1. august. Han såg fram til å kome over frå offentleg sektor til det private næringslivet.

Storviltjakta i 2009 vart det felt 105 elg, 134 hjort og 40 rådyr. Både av hjort og elg var det en oppgang fra 2008 med 31 fleire hjort felt og 6 fleire elg.

Tidleg i månaden signerte Inga Dalsegg (til høgre) ein fireårskontrakt med kunstgalleriet A. Jain Marunouchi Gallery i New York. – Eit slikt tilbod betyr svært mykje. Ein kjempemulighet for meg, slo ho fast. Med det steget tok den fargerike rindalskunstnaren eit nytt stort skritt inn i kretsen av anerkjente kunstnarar. Galleriet i UA har tidlegare hatt Elling Reitan blant sine utstillarar og i fjor sommar hadde Inga jubileumsutstilling i Rindal saman med Inga. – Det er Elling Reitan som har anbefalt meg. Berre det betyr svært mykje for meg, sa Inga som alt var på nettsida til galleriet i april.

To vandrepokalar vart tatt ut da Nordmarkløpet igjen var på plass etter eit års pause mellom Nordmarka kisenter i Surnadal og Tørsetlia i Rindal. Både Gunn Sande Holtan i kvinneklassen og Lars 

Hol Moholdt i herreklassen kapra nok poeng. Det var renn nummer 31 og det var 164 trimmarar som gjekk over Nordmarka i år. Berit Aunli – tidlegare OL-vinnar og verdensmester – vant kvinneklassen, mens skiorienteraren Lars Moholdt vann blant karane, og det var stakemusklane som sikra seieren, sa han etterpå.

Det vart streik i byggebransjen i midten av månaden og i Rindal var Vibo Entreprenør tatt ut med 36 arbeidstakarar. Streiken varte ei lita veke før ein kom til enighet.

Bøndene aksjonerte også og ville vise forbrukarane at norsk landbruk er nødvendig. Samtidig krangla bondeorganisasjonane seg imellom om sentrale forhandlingstema som gjer det utfordrande og einast om eit felles krav til jordbruksoppgjøret. Leiar Tore Simonset i Rindal Bondelag undra se litt over den store svenskehandelen og peika på at totalkostnadene blir ganske høge om du reknar med bilturen i tillegg. – Kanskje vi burde selge maten via bensinnstasjonane? Det ser ikkje ut til at folk reagerer på prisen på grillpølsa, sa han. Ola G. Bjørnås minna også om at prisen på norsk svineribbe kjem ned i 19,90 ved juletider og kunne ikkje heilt forstå at folk tykte det var dyrt.

Rekordbra MC-messe (til venstre Jon Moen og Edith Landsem i Rindal MC-klubb) med suksess. Men publikum svikta litt. Litt over 300 besøkte messa og trivdest godt i Rindalshuset. Det var og ei messe for fritids- og jaktutstyr, og klær til slikt bruk. I tillegg var det humor i særklasse med Sveinung Kveli fra lierne, som tok for seg ulike figurar heimafrå.

Næringslivet i Rindal har fått sin eigen handtlangar i Håkon Fredriksen. No utvidar Trollheimen NæringsSørvis AS både bemanninga og nedslagsfeltet. – Målet er å utvikle næringslivet og synleggjere at det fins minst like gode muligheter i Rindal som andre plassar, sa han. Firmaet doblar talet på ansatte frå ein til to og Toril B. Kyllo frå Orkdal vart tilsett.

Så kom bjørnen og den vandra først på Rindalsskogen, der Arild Haugen fotograferte den (til høgre). Bildene gjekk landet over og bjørneobservasjonar var gjort jamt. Den snudde og gjekk gjennom Rindal igjen, spor vart observert i Grønlifeltet, hos Leif Magne Rindalsholt og nedover i Surnadal, ved Strengen og alpinløypa, før spor etter den vart sett i Todalen. Truleg fortsatte den inn i Trollheimen, men da hadde det blitt bart og verre å sjå spora. Det vart eit skikkeleg mediesirkus etter denne ungbjørnnen. – Det var en fantastisk opplevelse for heile familien. Sjøl minstemann på fire vart vekket for å sjå bjørnen spasere forbi huset, sa Arild Haugen etterpå. Det er den første bjørnen på 100 år som er fotografert i Rindal.

Økonomisjef Harry Figenschau la fram et flott regnskap for Rindal kommune i kommunestyret og fekk skryt. Driftsregnskapet vart gjort opp med eit netto driftsresultat på vel 7 millionar kroner, 4,5 prosent av brutto friftsinntekter. Mindreforbruket i 2009 var på nær 4,45 millionar kroner.
I same møtet vedtok kommunestyret å framskunde skifting av taket på Rindal kirke. Da håpa dei samtidig å få rentekompensasjon frå staten. Tilsaman vil det koste 1,5 millionar kroner.