Bente Svinsås_1024x681

Nyhetskavalkade Rindal 2010 - juni

Årets nyhetskavalkade på Trollheimsporten for Rindal er henta frå "Rindal ord i bilde", som er å finne i årsskriftet for Rindal Heimbygdlag. For Surnadal vil ein eigen nyhetskavalkade kome kvar dag. Begge kavalkadane kjører bilder og nyheter og skal du få med deg alt kjem nyhetene for ein månad kvar dag fram til 2. januar 2011. I dag er det juni og det var klart for sildballfestival med Bente Svinsås som årets sildballkokar:

Du kan lese alle sakene på Kavalkade under På Porten når du er på Hovedsida. Ellers finn du stoffet hos Rindal Heimbygdlag som har informasjonsside på Trollheimsporten - kavalkadene ligge nyhetssida deira. Du finner alle månedene i kavalkadeform her på Kavalkade under På Porten, når du er på Hovedsida.

JUNI
”Megatabbe” og ”galemattias” er ord som vart bruka på kvar si side i debatten. – Vi skal gje elevane eit godt tilbod uansett, sa rektor Gro Brønstad ved Øvre Rindal skule, før målavtemminga ved skulen i mai. Intiativet til målavstemminga kom frå foreldre til elevane ved skulen. Saka vart avgjort i kommunestyret etter den rådgjevande målavstemminga. Den gjekk i favør av bokmål med 89 stemmer, mens 63 stemte nynorsk, med ei moderat deltaking. 153 stemmer og 443 stemmeberettiga var lite. Sinare sa ordførar John Ole Aspli at han ville anbefale kommunestyret til å gå over til bokmål.

Surnadal har Laksefestivalen og Oppdal har fårikålfestival. Rindalingane kunne ikkje vera dårlegare. – Sildball er livretten vår, sa Oddbjørn Heggem. I fjor gjekk det med heile 300 porsjonar sildball og festivalsjef Heggem trudde ikkje rindalingane hadde blitt mindre glad i sildball og under festivalen vart årets sildballetar kåra. I tillegg var det buffé, dialektforedrag, kulturinnslag og dansefest. Det vart ein suksess. Tor Gunnar Heggem kom til sine eigne for å snakke om dialekt og eta sildball. Også i år var det rundt 300 sildballfoler, som metta like mange. Årets sildballkokar vart Bente Svinsås (til venstre) på Rindal helsetun og Frank Are Pedersen frå Svorkmo vart årets sildballetar.

Den gamle setervegen mellom Gammelseterøyan og Bæverdalen vart ny tursti 60 år etter at det vart slutt på seterdrifta. Men turen måtte utsettast til ut i august på grunn av dårleg ver, da turstigruppa i IL Rindøl og IK Rindals-Troll inviterte. Baard Gåsvand og Solveig J. Grytbakk var turguidar.

El-Watch sette sin nyutvikla betalingsterminal for solstudio i produksjon. – Dette er det største og dyraste produktet vi har laga så langt. Sa dagleg leiar Tor Øystein Skjermo. Prislappen ligg på mellom 100 000 og 140 000 kroner for ein terminal. Da får kjøparane til gjengjeld eit svært avansert produkt, som kan styre inntil 16 solsenger. Det foreløpig største solstudioet i Norge har 12 senger. I terminalen kan kunden velge eining og liggetid og betale for dette. Det er basert på bankaxeptsystemet som les brikken på kortet og er mykje sikrare enn den gamle magnetstripa.

Ordførar John Ole Aspli inviterte vegvesenet til ei befaring på fylkesvegen gjennom bygda. I tillegg til Svein Solbjørg frå vegvesenet og ordføraren deltok plansjef Vebjørn Knarrum, næringskonsulent Grete Elshaug og ingeniør Thor Bye frå kommunen, samt Håkon Fredriksen frå Trollheimen NæringsSørvis og Rindal næringsforum. Etter befaringa vart alle problemstillingane tatt opp under eit møte på eldresenteret.

Den tredje butikken på like mange månader åpna i Rindal i juni da 3 Venner åpna dørene i El-Co Kjelleren, der det no er butikk, kafé og pub i nyoppussa lokaler.

Tilsaman deltok 57 i konkurranseklassen i Trollheimsløpet. Johan Bugge frå Eidsvåg slo alle heimefavorittane frå arrangørklubben IK Rindals-Troll, mens Runa Bostad frå Strindheim vann kvinneklassen. 70 var med i trimklassen og etterpå vart Trollheimsløpet karakterisert som ein stor suksess.

Arbeidsgruppa som skal utarbeide kravet om vilkårsrevisjon for Surna har starta arbeidet. Det var leiar Georg Solem i Surnadal elveeigarlag godt fornøgd med. Både ordførar Mons Otnes i Surnadal og John Ole Aspli i Rindal ville gjera skikkeleg arbeid og til det hadde dei hyra hydrolog Tor Ziegler for å kvalitetssikre innhalde.

Rindal vart PC-kommune, med pc-ar til alle komitemedlemme rog medlemmer i kommunestyret.

To tredelar av kundane i Rindal Sparebank bur utafor nærområdet. – Dette er nok ein trend hos dei fleste lokalbankane. Ein del av fjernkundane våre er utflytta rindalingar, men mange er ukjente; folk som ikkje har nokon tilknytning til Rindal, sa banksjef Odd Inge Løfald som la til at fjernkundane er der for å skape vekst.

Grunneigarane både i Surnadal og Rindal ba sine respektive kommunar om å gjera vedtak å¨å at heile Trollheimen skal priooriterast som beiteområde og ikkje yngleområde for jerv.

Rindalsrevyen feira 25 år ved å invitere til historisk tilbakeblikk med jubileumsforestillinga ”Ivrige tal”. Både nye revystjerner og gamle heltar var på plass. Blasnt anna var det gjensyn med Arne Landsem, Leif Magne Rindalsholt, Magne Lillegård og Anni Karlstrøm (til venstre i "Trimsykkel"). Ståande applaus og trampeklapp frå publikum var belønninga frå ein fullsett sal i Rindalshuset til den einaste forestillinga av jubileumsrevyen ”Ivrige tal”. Publikum lika gjensynet med revynumra gjennom kavalkaden av godbitar frå den 25 år lange revyhistorie til Rindal revy- og teaterlag. – Tidenes revy, skreiv Driva. – Heidundrende jubileumsrevy, skreiv ST, som dro frå Rindalshuset med latteren sittande i hauet og takknemligheten i hjerte etter å fått lov til å overvære revyen ”Ivrige tal”.

Eit einstemmig kommunestyre i Rindal ønska å utrede sterkare samarbeid i retning Trøndelag. Historisk har rindalingane søkt like mykje mot Trøndelag som mot Møre, sjøl om nordmørskommunen samarbeider ein god del mot spesielt Surnadal og Halsa. Dette skal fortsette, men. Det er ingen i Rindal som ser mørkt på at samarbeidet i retning Trøndelag blir forsterka. Første skritt mot dette vart tatt da kommunestyret i juni sa ja til utredning av eit tettare samarbeid med Orkdalsregionen, der kommunane Frøya, Hitra, Hemne, Snillfjord, Agdenes, Orkdal, Skaun, Rennebu og eldal er med i tillegg til Rindal – og politikarane var samstemte i at eit tettare samarbeid mot Trøndelag er bra for Rindal.

Reiselivsplanen for Rindal, som har vore under utarbeiding sidan 2007, var så dårleg at de ikkje kan brukast. Det meinte Berit Storholt Flåtten (Sp) i kommunestyret og gav den strykkarakter. Ho ramsa opp feil og manglar ved planen og kommunestyret vedtok den ikkje, men tok den til orientering. Det er sjeldan å oppleve slik refs frå talarstoren i Rindal kommunestyre. – Dette er eit dokument som ikkje held mål, sa Flåtten.

Som vanleg åpna Bøgdakvelden og sjeldan har vi opplevd ein Bøgdakveld meir variert enn i år, skreiv Driva. Det var noko for einkvar smak og årets konferanierar – Åse Børset og Oddbjørn Heggem – losa eit fullsett Rindalshus vel i mål.

15,8 millionar kilowattimar, skal etter berekninga Brandåa kraftstasjon (til høgre frå åpninga) levere. I slutten av månaden vart kraftstasjonen åpna. Det er Svorka Energi som har bygd og skal drifte Brandåa kraftstasjon. Da var det berre naturleg at styreleiar Jorunn Skjoldvor Foss fekk æra av å kløppe snora. – Eg er veldig stolt av at 63 prosent av investeringa er kortreis. Det vil i kroner og øre seie at av kostnader på 67 millionar, har 42 millionar gått til lokalt og regionalt næringsliv, sa ho.