Steinar H_1024x709

Nyhetskavalkade Rindal 2010 - oktober

Årets nyhetskavalkade på Trollheimsporten for Rindal er henta frå "Rindal ord i bilde", som er å finne i årsskriftet for Rindal Heimbygdlag. For Surnadal vil ein eigen nyhetskavalkade kome kvar dag. Begge kavalkadane kjører bilder og nyheter og skal du få med deg alt kjem nyhetene for ein månad kvar dag fram til 2. januar 2011. I dag er det oktober og leiligheter og næringsareal i den såkalla nye bydelen Rindal Vest vart lagt ut for salg i kommunestyret.

Du kan lese alle sakene på Kavalkade under På Porten når du er på Hovedsida. Ellers finn du stoffet hos Rindal Heimbygdlag som har informasjonsside på Trollheimsporten - kavalkadene ligge nyhetssida deira. Du finner alle månedene i kavalkadeform her på Kavalkade under På Porten, når du er på Hovedsida.

I dag kan du lese alt fra:
OKTOBER
Leiligheter og næringsareal i den såkalla nye bydelen Rindal Vest vart i kommunestyret lagt ut for salg. Rindal Sp var bekymra for økonomien i prosjektet og ville utsette det. For rådmann Bjarne Nordlund og prosjektleiar Steinar Hovlandsvåg (til høyre med skisseprosjektet) i Rindal Vest var det viktig å få eit vedtak i kommunestyret. Det var viktig at kommunestyret stilte seg attom prosjektet, og at det var enighet om å fortsette arbeidet med full tyngde. Med 9 mot 7 stemmer fall utsettingsforslaget og det vart vedtatt å kjøre Rindal Vest vidare. – Dette vedtaket var viktig som signal utad no når bustadene skal selgast inn. Eg har erfaring frå at det er vanskeleg å selge luftslott, sa Steinar Hovlandsvåg.

Som nyslått ”Design Pilot” har Rindalshytter AS fått 270 000 kroner til å utvikle hyttekonseptet ”Smått er smart”. Med små, rimelege og terrengtilpassa hytter skal ein nasjonal nisje utviklast. Saman med Ole Petter Wullum, kjent industridesignar og førsteamanuensis ved NTNUs institutt for produktdesign, reknar rindalshytter med å bruke eit år på å ferdigutvikle sitt nye hyttedesign. Dagleg leiar Steinar Skjerdingstad (til høyre og til venstre Nils Lennart Røen med nyheten) ved Rinndalshytter og Wullum har hovudideen klar: Dei vil lage eit alternativ til hyttepalassa som i mange år har fått prega hyttemarknaden. Dei veit at mange ønsker seg enklare og rimelegare hytter. Natur og landskap vil og ha godt av anna enn dei store og ofte prangande hyttebygga, meiner dei.

Både Surnadal og Rinndals-Troll stilte igjen damelag i handballens 4. divisjon. Tidleg i oktober møttest dei i Rindalshuset og etter ein forrykande åpning for Rindals-Troll med 5-0 før surnnadal fekk summa seg, kom surnadalingane sterkt, temma rindalstrolla og vann 21-15 til slutt.

Sauebønder i Surnadal og Rindal kravde eit ynglefritt Trollheimen for jerv. Det var meldingar om store tap av sau på beite og nord for fylkesvegen sakna Marvin Røen over 100 sau og lam. Han er Rindals største sauebonde og no vurderte han å gje seg, eller å halde redusert buskap på innmark neste år. Sauebøndene fekk med seg begge ordførarane (John Ole Aspli og Mons Otnes) i dette kravet. Men Trollheimen blir neppe ynglefritt område for jerv. Det var ikkje sekretariatet for rovviltnemnda særleg stemt for. Men dei snudde og i desember gjekk dei inn for et ynglefritt Trollheimen til stor glede for alle kommunane Trollhemen Rundt.

Prosjekt Kul-Tur-Sti fekk innvilga 500 000 kroner i støtte til realisering av prosjektet frå Blilyst. Samtidig fekk den kommunale sentrumssatsinga Rindal Vest innvilga 150 000 kroner og El-Watch 8000 kroner til utviklingsstøtte.

Takka vere rekorddeltaking på årets Optimistkonferanse treng ein berre halvparten av det forutsette økonomiske bidraget frå støttespelarane – og kommunen er med i tre nye år, etter at formannskapet sa rungande einstemmig ja.

I september sto Per Arne Løset på scena i London. I november drog han igjen til Russland. Men 9. oktober var det framsyning av Hunger i Rindalshuset – ei fantastisk forestilling, i følge Trollheimsporten som drog fram samspelet mellom Per Arne Løset og Gisle Hass, dokkeførarane.

I haustferien var det LAN-party i Rindalshuset med 38 deltakarar – full fart i to døgn med data aleine og saman med andre.

Ei kongeørn vart skoten med hagle og fekk fire hagl i den eine vingen og ein i den andre. Den vart henta frå fossdalen og tatt i forvaring av Lars Løfaldli i Direktoratet for Naturforvaltning. Seinare kom den til Skatval i Nord-Trøndelag for oppforing og rekonvalesens. Under ser dere faksimile frå VG da ørna vart slep av Lars Olav Lund - foto: Ola Eirik Bolme.

I ni månader venta Bodil Korshamn på svar på sin søknad om pengestøtte fra Innovasjon Norge for etablering i Stryn. Ho ville lansere eit nytt produkt, Babyboard Tummy, men fekk ikkje svar og besemte seg til slutt for å gje opp prosjektet. Framleis driv ho Ullkorga i Rindal med produksjon av madrassar, puter og dyner. Bodil Korshamn planla 25 årsjubileum i fjøset på Nygården før jul i år.

Eit skred av innsigelsar stoppa nærast rullering av næringsplan i Rindal. Kommuneadministrasjonen var overraska og plansjef Vebjørn Knarrum var særleg overraska over dei mange innsigelsane frå offentleg forvaltning. Samtidig har ikkje Rindal høyrt så mykje frå reindriftsforvaltninga på Røros tidlegare. No ser det ut til at innsigelsane derifrå kan trenere utlegging av nye hyttefelt og fortetting av gamle hyttefelt i lang tid framover. Dei vil også ha eit ord medi laget når det gjeld storleiken på anneks.

Grete Ranes Heggem vart tilsett som leiar for den nye eininga – familieeininga – i Rindal kommune. Den skal vera fagområde for helse og lege, fysioterapi, helsestasjon og psykisk helstjeneste. Eininga får i tillegg ansvaret vedrørande støttekontakt, omsorgsløn og avlasting, oppgaver som blir overførst frå Nav.

Som tidlegare nemnt bør sekretariatet for verneområda i Trollheimen plasserast i Rindal, meiner fylkesutvalget. I Møre og Romsdal. Det bekreftar fylkesordførar Olav Bratland i eit brev til Miljøverndepartementet.

- Normalt haustregn og meir svensk kjernekraft vil bringe straumprisen ned, sa markedssjef Bård andreasen i Svorka Energi.

Ti studentar frå NTNU i Tronndheim samarbeider med T-Komponent for å skape nye sjølbyggarløysingar av hobbyplank. I midten av oktober hadde studentane omvisning hos T-Komponent og fabrikkens produksjon av limtre vart studert. Studentane kom frå Skottland, Frankrike, Tyskland, Nederland og Sverige. Island og Norge var representert på lærarsida. Studentane ved arkitekt- og industridesignstudiet skal i løpet av oktober og november kome med forslag til nye område furu kan brukast til. Studentoppgavene skal presenterast i slutten av november. – Furu er eit norsk treslag. Det er kjempefint at NTNU tek kontakt med lokalt næringsliv, lokale bedrifter i Midt-Norge, og får furu som materiale fram i lyset, sa dagleg leiar Elmer Talgø ved T-Komponent.