RBL verksted 1_1024x680

Nyhetskavalkade Rindal 2011 - januar

Årets nyhetskavalkade på Trollheimsporten for Rindal er henta frå "Rindal i ord i bilde", som er å finne i årsskriftet for Rindal Heimbygdlag. For Surnadal vil ein eigen nyhetskavalkade kome kvar dag. Begge kavalkadane kjører bilder og nyheter og skal du få med deg alt kjem nyhetene for ein månad kvar dag fram til 1. januar 2012. I dag startar vi med januar 2011 og RBL var imponert over snøskutersalget.

Du kan lese alle sakene på Kavalkade under På Porten når du er på Hovedsida. Ellers finn du stoffet hos Rindal Heimbygdlag som har informasjonsside på Trollheimsporten - kavalkadane ligg på nyhetssida deira. Du finn alle månadane i kavalkadeform her på Kavalkade under På Porten, når du er på Hovedsida.

JANUAR
På slutten av 2010 og i nyttårshelga kom det store mengder snø i Rindal. Den var lett, men med kuldegrader la den seg i skogen og over meteren på åker og eng.

Rindal Bil og Landbrukssenter merka vinteren, der skutersalget gjekk strykande. I fjor greidde dei ikkje å skaffe nok skutere og nyleg la snøskuteransvarleg Einar Asphaug ved RBL (over sammen med to nye ved RBL siste året) ut ein demoskuter på finn.no. – Den ringte reindriftssame Mikkel Anders A. Gaup på og kom og henta i sin Mercedes sprinter. Det var ein Lynx som RBL har forhandla sidan 1980-talet. Dei fleste skutrane som blir selt er arbeidsskutarar med breie belte. – Vi er litt stolte over at alle av dei snøskutarane som var selt forrige sesong fekk skilter før vi leverte dei frå oss, sa Gro G. Løfaldli ved RBL.

Jonas Nergård Tørset, Aksel Norli og Jo Inge Svinsås frå Rindals-Troll vant 13- og 14-årsklassen i Strindheims-stafetten. 30 lag stilte i klassen. Strindheim-stafetten blir rekna som uoffisielt Midt-norsk mesterskap i stafett. – Vi hadde forhåpningar om å kjempe i toppen. På førehand meinte vi det var muleg om vi fekk det til å klaffe, sa dei etterpå. Jonas starta med åttandeplass, Aksel hadde nest beste etappetid på andre etappe og Jo Inge avslutta suverent.

Tre grunneigarar i Tørsetmarka (Tove Bolme, Marvin Røen og Kari Kattem) engasjerte Plankontoret i Rennebu for å få utarbeidet ei ny reguleringspan for Tørsetmarka. I eit møte med administrasjonen i kommunen ville dei ha ei vurdering på førehand av avgrensing av planområdet, forholdet til kommuneplanens arealdel og vegrettar. Dei andre grunneigarane ville ikkje vere med på dette arbeidet.

Huseigarar ville unngå takhavari. Som kjent kom det dugeleg med snø i jule- og nyttårshelga 

og i Rindal starta ein å måke av taka, sjøl om det ikkje vart ansett som farleg for hytter og offentlege bygg enno. Men det vart anbefalt å måke mens snøen var lett.

Guri Krovoll Trønsdal og mannen Sigmund Moen Trønsdal har bruka lang tid på å bygge opp drift av Inn på tunet i Rindal. Dei siste fire åra har dei drive dette på garden Østistu Trønsdal. Skole- og helsesektoren har fått tilbudet. No kjem det bort og det er tatt av budsjettet på grunn av lite etterspørsel, sa leiar Åge Jonli i ressurskomiteen.

Rekruttering av helse- og omsorgsarbeidarar er den største utfordringa innan helsesektoren til Rindal kommune dei neste tjue åra. Det sa pleie- og omsorgsleiar Ola Sellie. 3. februar inviterte prosjektleiar for Samhandlingsreformen i Orkdalsregionen, Svein Jarle Midtøy, til folkemøte.

Lars Hol Moholdt (over til venstre) vant åpningsdistansen i Ski-o-Tour i Østerrike og Slovakia. Han tok femteplass på langdistansen, men etter sprinten dagen etter, der det ble fjerdeplass, sto han av for å konsentrere seg om EM på heimebane (Lillehammer) seinare. Han trudde seks distansar på kort tid ville bli for mykje.

Det vart i fjor framsett kraftige beskyldningar om at Rindal kommune fuska med postjournalar. No har Distriktsrevisjonen undersøkt saka og konkluderer med at det meste som blir gjort er tilfredsstillande ut frå gjeldande lovkrav på området.

IK Rindals-Troll henta mest frå Grasrotandelen til Norsk Tipping med vel 32 000 kroner. Deretter følgde Rindal sanitetsforening med vel 17 000, Rindal Fotballklubb med nær 14 000 og IL Rindøl med nær 13 000 kroner, for dei som tok inn over ti tusen kroner. Ellers fekk Lomundal skytterlag, Rindal pistolklubb, Rindal skytterlag, Rindal Røde Kors, Kor Gøttj, Musikkorpset Blæst’n og Rindal revy og teaterlag pengar frå Grasrotandelen.

Hallvard Løfald (19) tok tredjeplass på 20 km fellesstart klassisk stil under norgescuprennene på Ål. Han var utruleg godt fornøyd med løpa, men trodde ikkje han ville blande seg inn i kampen om VM-plassane. Fortsatt er Hallvard yngst i klasse junior 19-20 år. I fjor vart han totalt nummer 14 blant 18-åringane i norgescupen. På 10 km fristil var han best i sin årsklasse. Lars Bakken Røen (18) gjekk også svært gode løp på Ål. Før løpa hadde han aldri vore betre enn nummer 46 i norgescupen. No vart det 11., 14. og 22. plass. – Utruleg bra, sa han etterpå.

IK Rindals-Troll og Surnadal IL var klare til å ta i mot 200 løparar til SPAR-cup på Nordmarka i midten av månaden (over til høgre). – Vi har i alle fall meir enn nok snø, sa rennleiar Harald Solvik og kunne by inn til publikumsvenlege renn med klassisk sprint laurdag, der Eldar Rønning var påmeldt, og duatlon med skibytte søndag. Tidtakarne, med Magne Bjørnstad som sjef, gledde seg til endeleg å kunne får gjennomføre eit renn på Nordmarka. I fjor stoppa juniorcupen i kulda. Ellers var skismørefasilitetane imponerande, sengeplass til alle og altså nok snø.

Nok snø var kom det ja, og mange tak fekk besøk av makarar, blant anna kommunehuset, der ordførar John Ole Aspli i spissen for rådmann, økonomisjef og fleire andre byråkratar kom seg opp av kontorstolen og greip snøskuffa. Mange tonn snø trua taket på kommunehuset, som på nokre timar vart letta.

Statssekretær Ola T. Heggem (58) (til venstre) har hjarte for heile landet, men har ikkje gløymt kvar han kjem frå og skal attende til Rindal i arbeidsfør alder. Kanskje stiller han på Sp-lista til haustens kommunevalg.

IK Rindals-Troll og Surnadal IL arrangerte norgescup for seniorar med sprint og duatlon, 

fellesstart med skibytte, på Nordmarka skisenter ei helg i midten av januar. Det vart ein stor suksess og ein ny god søknad til å få arrangere NM. Over 200 løparar med leiarar hadde bare lovord å kome med til løyper og stadion, noko rennleiar Harald Solvik var svært godt fornøgd med. Løyper, tidtaking, fasilitetar – alt fekk godkjent karakter og vel så det. Nokre omtala arenaen som den finaste dei har vore på!

Rindal eldreråd var ueinig med ordførar og rådmann når dei hevda at ekstramilliarden få regjeringa før jul var frie midlar og at kommunen kunne buke pengane til kva dei ville. Dei var skuffa over at helsestasjon for eldre var tatt ut av budsjettet og ba om at dette vart tatt inn igjen. 130 000 koner av 567 000 kroner som Rindal fekk var øremerka Samhandlingsreformen og er bruka til det, opplyste rådmann Bjarne Nordlund og sa at helsestasjon for eldre må inn i ei budsjettregulering i løpet av året, skal det bli pengar.

– Det er få stader det er likare, sa gründer Tor Øistein Skjermo i El-Watch (til høgre frå ein utstillingsstand). – Rindal er ein offensiv kommune gjennomsyra av dyktige arbeidsfolk. Nordmøringar er kremen av kremen innan arbeidskraft. Det er eit hardtarbeidande og pliktoppfyllande folk, sa han og retta skryt mot Lokalt Løft: - Stiftelsen har mulighet til å skyte inn risikokapital, og det har mykje å seie under ei nyetablering, sa han.

Rindal kommune vart framheva i Lørdagsmagasinet på TV2 i slutten av månaden. Rindal hamna på niandeplass i nærings-NM i 2010, der kommunane vart rangert etter kor bra næringslivet er og kor attaktive dei er som bustadskommunar. – Vi er arbeidssame og nøysame menneske som ikkje gamblar, men satsar på langsiktige verdiar, sa ordførar John Ole Aspli (til venstre). Mesterskapet målte lønsemd, vekst, nyetableringar og kor stort næringslivet er, samt kor dyktige kommunane er til å trekkje til seg og halde på innbyggarar. – Her har vi ingen kø for å få barnehageplass, og vi har vatn i svømmebassenget, og blir du her riktig lenge er det ingen som må bu på same rom på sjukeheimen heller, kunne Aspli fortelle.

Harepest i Surnadal og Rindal vart oppdaga igjen. Eit tilfelle i Surnadal og fleire nye i Rindal. Folk vart oppfordra til å koke vatnet frå private brønnar for å forebygge smitte.

IK Rindals-Troll og Surnadal IL fekk igjen avslag og nei på søknaden om tildeling av ski-NM i 2013. Men dei to ihuga arrangørane ville ikkje gje seg og ser fram mot 2014. – Vi er blitt drevne til å få nei, sa søknadsansvarleg Svein Dalen i Surnadal IL. I år var det Steinkjer som arrangerte og neste år er det Voss. Vang, saman med Nordbygda/Løten ski og Rena IL, fekk NM i 2013.

I sommar skal det etablerast ny frisørsalong i sentrum. Frisørane i Rindal har hatt salong heime og operert derifrå. No ville Kirsti Barbo Landsem starte salong i den gamle kroa, der Kompaniet tidlegare hadde tilhald. Kirsti har tidlegare tatt i mot kundane heime og ein dag i veka i Surnadal. No gleda ho seg til å etablere salong saman med Elin Landsem og Anna Bøe Løset.

Til høgre da Kompaniet Frisører åpna i haust.

Jerven i Møre og Romsdal har tilgang på alt for mye åte uten at jegarane gjer ein skikkelig innsats for å skyte dyra. Denne kritikken kom frå fylkesjordsjef Ottar Longva og fylkesagronom Åshild Melkeraaen hos Fylkesmannen. Den vart framsett overfor dei kommunale rovviltutvalga i Surnadal og Rindal i eit brev som omhandla tilskott til forebyggande og konfliktdempande tiltak mot rovdyrskade. Så langt denne perioden er det felt berre to jervar under denne lisensfellinga. Det skjedde tidleg i haust og den eine jerven vart skoten på åte.

Landslagstenar Eli Landsem ville føre arven etter dei gamle skigutta i Rindal vidare, og drømte om OL-gull til Norge i London i 2012.

Rindal fekk 862 000 koner til utbygging av omsorgsboligar og sjukeheimsplassar, da regjeringa bevilga 730 ekstra millionar kroner i januar. Det kjem godt med under utbygginga av Nytunet, som seinare vart Midtgard.

Abeidsløysa heldt seg låg i Rindal. Ved utgangen av januar var den på 1,5 prosent, som tilsvarar 15 arbeidslause.

Hedvig Bakken og Bakken Helse kunne konstatere ei treningsbølge over Rindal. Omtrent kvar fjerde yrkesaktive rindaling hadde meldt seg inn i det nystarta treningssenteret Bakken Helse. – Responsen har vore veldig god, kunne ho konstatere.