
Nynorsk lite brukt i kommunane
Nynorsken vert ikkje brukt nok i kommunane, seier leiar i Noregs Mållag, Håvard Øvregård til NRK. Mållaget krev at kommunane set større fokus på språk. Surnadal, som er den einaste nynorskkommunen på Nordmøre , har bestemt seg for å arrangere eit oppfriskingskurs i nynorsk, fortel assisterande rådmann, Gunhild Eidsli. Det skriv NRK Møre og Romsdal på si heimeside.
– Det å skrive godt nynorsk kan vere ei utfordring for mange. Derfor har vi godt av ei oppfrisking, både når det gjeld setningsoppbygging og rett og slett det å skrive eit godt og flytande språk, seier den assisterande rådmannen.
Les heile saka på NRKs heimseside her.