Nyrestaurert orgel i Ranes kyrkje
Denne veka,under bispevisitasen i Surnadal, blir det restaurerte orglet i Ranes for første gong teke i bruk! Det skjer under Kveldssongen torsdag kveld kl.19.30 i Ranes kyrkje.
Denne veka ,under bispevisitasen i Surnadal, blir det restaurerte orglet i Ranes for første gong teke i bruk! Det skjer under Kveldssongen torsdag kveld kl.19.30 i Ranes kyrkje. Då får vi høyre korleis klangen i orglet var då det var nytt i 2.juledag anno 1914 !!
Orgelbyggar og kantor Espen Selbæk, vil gje ei kort innføring om orglets historie før han går opp og set seg på orgelkrakken og spelar eit flott preludium over inngangsalmen «Lovsyng vår Herre» som kyrkjelyden etterpå skal synge saman med eit nyrestaurert orgel!
Espen Selbæk vil så demonstrere dei ulike klangane ein kan velje i, under salmane i kveldssongliturgien.
Vi ynskjer alle velkomne til Ranes kyrkja denne kvelden der biskop Ingeborg Midttømme også vil vere tilstades!
Bildet er av Orgelteknikar og kantor Espen Selbæk under arbeidet med orglet som no er restaurert tilbake til originalstand etter ei ombygging på 70-talet.
Dette er eit norskbygd pneumatisk pipeorgel. Det vil seie at overføringane frå tangentane til orgelpipene skjer ved hjelp av luft gjennom blyrør og 1300 små og store løftemembranar som vidarekoplar det fingeren gjer på klaviaturet.
Nokre av blyrørene.
Skinnet i løftemembranane var oppmarna og måtte skiftast ut. Her monterer Espen Selbæk nokre av membranane.
Når orgelet no er ferdig, så er det eit av dei svært få originale orgla frå orgelbyggaren Olsen & Jørgensen av denne typen, fortel Selbæk.