2020-09-019

Nytrønderar på Trondheimstur

Rindal pensjonistlag var på tur til Trondheim torsdag denne veka. Målet var Sverresborg og Palmehaven.

Etter å ha plukka opp passasjerar oppover bygda, drog FRAM-bussen til Trondheim, Byåsen og Sverresborg, Trøndelag Folkemuseum med 33 passasjerar og Jan Sturla Jensvol som stødig sjåfør.

2020-09-018.jpg
På folkemuséet spreidde folk seg ut over utstillingane, både ute og inne, i mesta tre timar, og dei fleste var innom kafeteriaen for ein liten matbit.

2020-09-020.jpg

Neste mål var Britannia Hotell i Dronningens gate der det var bestilt lunsj. Vi vart mottekne og ønska velkomne på den raude løparen ved døra av dagens Doorman.

Lunsjen smaka godt og gjorde godt, ytrefilet av storfe og dessert – ei kake med sjokolade, is og bringebær, alt nydeleg anretta!

Turkomitéen i Rindal Pensjonistlag kan notere seg nok ein vellukka tur med fornøgde deltakarar.

2020-09-17 10.38.28_690x1052.jpg
Knapt innom døra på Sverresborg fann Johan Landsem eit Landsemski som Oddvar Brå hadde bruka i eit renn ved Grossglockner, Østerrike, eit renn han sjølv også deltok i. Med høgde over 2500 moh, er nok dette det høgste rennet han har vore med i!

IMG_7446.jpg
Frå venstre Oddvin Meland, Margret Meland, museumsdirektør Brynja Birgisdottir og Paul Haugen utanfor Skiboksen, folkemuséets skiutstilling, som eigentleg var laga for å bli lånt ut til messer og liknande på ulike plassar i Trøndelag. På grunn av koronaen vart den  ståande på Sverresborg heile tida. Foto: Helene Marie Nergård.

2020-09-17 10.46.02_690x920.jpg
Der fann vi det eine av dei berømte siste treskia til Magne Myrmo, men også eit noko eldre skipar som var godt over 3 meter langt!

2020-09-17 10.41.07_690x552.jpg
Dette er altartavla som stod i den gamle katolske kyrkja som måtte rivast for å gje plass til den nye. Kunstverket er laga av Håkon Bleken.

2020-09-17 11.06.00.jpg
Ved sida av Eventyrstigen var fleire kjente norske folkeeventyr illustrert med motorsagkunst av bildehoggar Arne Askeland.

2020-09-17 11.06.47_690x920.jpg

2020-09-17 11.07.16.jpg

2020-09-17 11.16.37.jpg
Restane av sjølve borga til Kong Sverre på toppen av berget.

2020-09-17 11.16.01.jpg
Deler av Folkemuséet, hovedbygninga og byavdelinga, med Munkholmen i bakgrunnen, sett frå borga.

2020-09-17 12.06.58.jpg
Inne i utstillingslokala på Sverresborg såg vi både gamle kommunikasjonsmiddel og ei stor avdeling som pensjonistane kjente att frå sin ungdom.

Vi har ei tilleggsopplysning når det gjeld bildet av dei rosemåla styrsledane. Den flotte styrsleden nr. 3 frå venstre på bildet ovafor er frå utigard Gåsvatn. Jordkaren John Olsen Gaasvand fekk denne da ha var 13 år i 1837. Måla av Lars Hallvardson Fiske på Solemshaugen i Surnadal.

2020-09-17 12.15.26_690x920.jpg

2020-09-17 12.39.04.jpg
I gamle dagar ville Trollheimsporten vorte laga på dette trykkeriet.

2020-09-17 12.42.53.jpg
På denne matbutikken var det litt for ein kvar smak, men det var nok berre i byen ein fann dette utvalget.

2020-09-17 12.45.59.jpg
Mange har søte drømmar om besøk på Eriksens Konditori!

2020-09-17 12.47.02.jpg

2020-09-17 12.49.35.jpg
Skulpturen «Go'dagen», som også er kjent som Torgkona, ser ut til å trivast på torget i byavdelinga Gamle Trondheim på folkemuseet på Sverresborg, i alle fall i dette livåte selskapet! (Torgkona i midten!)

 

2020-09-021_690x920.jpg
Dagens to Doormen på Britannia flankerer sjåføren vår ved inngangen

IMG_74521.jpg
Heile turfølgjet klare for lunsj i Palmehaven, Britannia. Foto: Helene Marie Nergård

2020-09-17 13.45.12_690x920.jpg
Sjåføren vår poserte gjerne framom Britannias eigen "London-drosje"

2020-09-17 14.59.14-1.jpg
Lunsjen i Palmehaven smaka aldeles utmerka, servert av unge, flinke servitørar til taffelmusikk frå flygelet

2020-09-17 14.59.29-1.jpg

2020-09-17 16.12.10-1.jpg
Det vart også tid til litt småhandel og ein tur på det nyoppussa torget i trønderhovudstaden.

2020-09-17 10.33.51.jpg
Føraren av denne sykkelen brukar hjelm og parkerer skikkeleg utanfor Sverresborg. Det kan ein ikkje seie om alle el-sparkesyklane vi såg nede i byen!