Oppslått årsskrift_1024x683

Årsskrift for Stangvik historielag 2011 utlagt for salg

Nytt, godt årsskrift!

Årsskriftet til Stangvik historielag for 2011 er no å få kjøpt i Surnadal. Det er lagt ut til salg hos Joker, Kvanne og på bokhandelen, men det kan også kjøpast ved å kontakte anten Einar Grønnes (tlf. 918 94 944) eller Martinus Ranheim (tlf. 976 17 213). Tema i dei ulike artiklane i årsskriftet er som før henta frå gamle Stangvik sokn.

Anna Ingeborg Nordvik skriv om siste året på Nordviksskulen i Årsskrift for Stangvik historielag 2011. Foto: Norunn Holten

Mellom anna får lesarane ein presentasjon av næringslivet i Stangvik herad slik det såg ut i 1942. I tillegg til ei meir generell beskriving som også omfattar landbruket, blir kvar einskilt bedrift presentert. Berit Anne Botten Røkkum skriv om «den Trondhjemske postvei», den gamle postvegen frå Bergen som også går gjennom Stangvik på turen til Trondheim. Anna Ingeborg Nordvik skriv om «Siste året på Nordvikskulen» der vi får glimt av gjensyn med den tidas skule både når det gjeld karakterar, ranselmote og syn på hygiene og helse. Terje Ramsøy-Halle skriv om "Stangvika rundt 1890», og her er ikkje minst bileta artige å sjå. Trygve Halle, Vang, skriv om «Minner frå Mosetra i Søyådalen»., og Sverre Kjølstad om «Raset i Torvikvegen» i februar 1964. Nokre småstubbar og dikt har det også blitt plass til i heftet i tillegg til mange andre gode artiklar som det vil bli for omfattande å presentere no. Her skulle det med andre ord vera mange godbitar for den som er interessert i lokalhistorie. Kanskje er det også eigna julegåve til han eller ho som «har alt»? Vil du sjå framsida av årsskriftet, kan du klikke her.

Stangvik historielag er medlem av Trollheimsporten. Bli medlem du også! For å lesa meir om korleis du blir medlem, klikk her. Alle medlemmer her.