
Nytt korslag i 2012

- Det har vore eit fantastisk engasjement før, under og etter sjølve korslaget, og vi har mottatt enormt med positive tilbakemeldingar. Responsen har vore stor både frå kordeltakarar, publikum og fra mange som ikkje hadde anledning til å vere til stades, uttalar banksjefen.
- Vi i Surnadal Sparebank er ein stor bidragsytar til verdiskaping og utvikling i lokalsamfunnet, og bidreg mykje til idrett og kultur. Men ikkje noko av det vi har bidrege på tidlegare, har gleda så mange, eller gjeve så stor verdiskaping og oppmerksomheit som korslaget forrige helg.

Troelsen legg til at dei også registrerer at fleire av kora har valt å fortsette, og at fleire av dei allereie har fått oppdrag. Dermed har korslaget gjeve ein langtidseffekt.
- Forventningane var kanskje ikkje så store før dette første korslaget, men etter denne storsuksessen vil det nok vere langt større forventningar til eit nytt arrangement.
- Vi har vurdert arbeidsmengd, økonomi og eventuell risiko for at neste forsøk på eit korslag ikkje blir like bra som det som nettopp vart gjennomført, opp mot enormt lokalt engasjement, glede og alle positive tilbakemeldingar. Evalueringsmøtet med korleiarane slo fast at alle var svært positive til at det blir gjennomført eit nytt korslag.
Surnadal Sparebank har no konkludert med at dei vil arbeide med eit nytt korslag i 2012.

- Vi vil bruke tida framover på å vurdere sjølve opplegget for dette korslaget. Målsettinga er at endå fleire potensielle nye korsongarar tek steget og nyttar høvet til å prøve seg i eit kor.
Sjå bilder og les meir om Det Store Korslaget i Surnadal Idrettshall 9. oktober her.

.png)

