Nytt om laksefisket i Surna
På land er det Laksefestival, ved elva står fiskarane, og det kjem stadig opp laks trass i låg vassføring. Heldigvis kjem det litt regn no. Det er bra for fiskekonkurransen under Laksefestivalen.
Med meir vatn i elva kan større deler av elva levere fangst.
Camp Villaks er i gang i forbindelse med Laksefestivalen. Det tok ikkje mange timane før den første laksen var på land under årets Camp Villaks. 18 unge deltakarar får boltre seg i gode hølar med gode instruktørar.
Det er meldt at ei av jentene hadde på ein storlaks, som dessverre glapp!
Roar Markussen landa ein stor laks på 12,5 kg i Kleivahølen fredag morgon. Etter ein knallhard kamp, der flugesnella streika, kunne Roar fornøgd konstatere ny personleg rekord på fluge. Roar sender ein stor takk til Terje Englund og Arthur Eikrem som kom til da snella tok kvelden, skriv surna.no.
På bildet ser vi Roar Markussen med ein laks på 7 kg som han tok i Kleivahølen på Honnstad siste helg.
Ved starten av denne veka var det tatt 93 laks med en total vekt på 642 kg.
Terje Engelund tok denne laksen i Kleivahølen mandag. Laksen tok seg ein tur opp til Mogstadhølen før Terje fekk den med seg ned til Kleivahølen igjen. Laksen var på 12 kg, og det er ny personleg rekord på fluge for Terje. Foto (surna.no): Roar Markussen.
Kai E. Aanerud tok denne laksen i Krangneshølen onsdag kveld. Laksen var på 7 kg. og var fettfinneklippa og scanneren slo ut på pitmerket. Dette er ein kultivert ekte villaks fra Surna som er klekka ved Rossåa Settefiskanlegg. Foto (surna.no): Monika Klungervik.
Så ønsker vi alle fiskarane lykke til med kveldens fiskekonkurranse!