
Nytt tap for Surnadal
403 betalende tilskodarar fekk med seg lokaloppgjeret på Sande stadion laurdag ettermiddag.

Ifølgje driva.no var vertane det førande laget i førsteomgang, og hadde fleire gode sjansar til å ta leiinga. Etter 42 minutt fossa Erik Ruud Ramsli gjennom og fekk to sjansar, den første redda Surnadal-målvakt Eystein Meese, men returen vart lagt inn til Radek Bugaj som heada inn det som vart sigersmålet.
Surnadal sine spelarar og mange på tribunen forsto ifølgje tk.no lite av at målet vart godkjent. Det heile likna svært på offside, men assistentdommaren var ikkje einig.
Sunndal er no på førsteplass i 3.divisjon avd. 18. Med 13 poeng er sunndalingane tre poeng føre Elnesvågen og Eidsvåg, medan Surnadal slit på nest siste plass med berre to poeng på fem kampar.

.png)

