1-IMGP7502

1.søndag i advent

Nyttårsgudsteneste

Ei fullsett Øye kyrkje gjekk inn i det nye kyrkjeåret 1. søndag i advent. Det var tvillingbarnedåp, kyrkjebok til 4-åringar, nattverd og 5.-klassingar som hadde overnatta i kyrkja.

IMGP7545.JPG
Styrkar Brørs har dette bildet av Øye kyrkje på utstillinga "Haustlys" i Finstuå.

1-IMGP7526.JPG

1-IMGP7471[1].JPG
1. søndag i advent markerer starten på det nye kyrkjeåret, og da tenner vi det første adventslyset.

1-IMGP7479.JPG
Amund Pihl Strand var stødig forsongar i vekselsong med kyrkjelyden.

1-IMGP7488.JPG
Tvillingane Sara og Sofie Søyseth Svensli vart døypte.

Preiketeksta var frå Matteus 21, 10-17:

10 Då han drog inn i Jerusalem, vart det uro i heile byen, og dei spurde: «Kven er dette?» 11 Og folkehopen svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea.» 
12 Så gjekk Jesus inn på tempelplassen og dreiv ut alle som selde og kjøpte der. Han velte borda til pengevekslarane og benkene til dei som selde duer 13 og sa til dei: «Det står skrive: Mitt hus skal kallast eit bønehus. Men de gjer det til ei røvarhòle.»
    14 På tempelplassen kom nokre blinde og lamme til han, og han lækte dei. 15 Men då overprestane og dei skriftlærde såg undera han gjorde og høyrde borna som ropa i heilagdomen: «Hosianna, Davids son!» vart dei arge 16 og sa til han: «Høyrer du kva dei seier?» «Ja», svara Jesus. «Har de aldri lese dette ordet:
           Frå munnen på småborn og spedborn
           har du late lovsong lyda!»
17 Så gjekk han frå dei og ut av byen, til Betania. Der var han om natta. 

1-IMGP7494.JPG
5.-klassingane hadde hjelpt presten med preika og laga ei bildeserie til teksta. Den vart vist på storskjerm.

1-IMGP7502[1].JPG
Så strømma salgsbodene inn i kyrkja! Templet vart ei røvarhole!

1-IMGP7503.JPG
5.-klassingane sørga for å rydde templet og kasta ut seljarane!

1-IMGP7498.JPG
Dei "Lys våkne" 5.-klassingane hadde fleire songinnslag og leda forbøna (nedafor).

1-IMGP7523.JPG
1-IMGP7533.JPG

1-IMGP7518.JPG
Så var det utdeling av "Mi kyrkjebok" til spente 4-åringar. Dei song også eit par songar før dei sette seg og bladde i boka.

1-IMGP7530.JPG
Mathilde Lund Halle sit trygt på fanget til far og blar vidare i boka.