
Spelar saman med Henning Sommerro på Kleiva
Odd Nordstoga til Vårsøghelga
Dei gler seg til Vårsøghelga - med kreativitet og rot, humor og galskap: Leif Otto Frønes, Gerd Ingrid Kvendset og Bjørn Tore Brøske. Foto: Willy Karlstrøm
Gerd Ingrid Kvenset har vore tilsett i halv stilling som dagleg leiar i Laget Vårsøg sidan oktober. - Det har vore ein fryd så langt, seier ho. Og no er mykje av programmet på plass.
Ein fryd å halda på
- Det er ei glede å arbeide med Vårsøghelga. Bygdafolket er svært opptatt av den og så positive. Det er aldri nei, når vi spør. Det er ein fryd å halda på med, seier ho og reknar med ho nærast får venger når pinsehelga er her.
Årets tema er ROT - i den vidaste tyding - rot som slekt, rotlaus og rort som kaos. Samtidig er Vårsøghelga ein allsidig festival for alle aldersgrupper. - Og eigentleg har vi eit luksusproblem. Mange har nemleg lyst til å kome og opptre under Vårsøghelga. Men vi har ein flat sponsorprofil og skal vera nærast ikkje-kommersiell, seier Gerd Ingrid. Dermed er det ikkje alle som får kome. Vårsøghelga får også støtte frå Norsk Kulturråd og skal famne litt breiare enn ein vanleg festival.
- Vi involverer lag og organisasjonar, skule og kulturskule og fleire aldersgrupper. I år tek vi eit grep opp mot ungdommen. Det blir både rockekonsert og pubkveld, kanskje på litt andre arenaer, fortel ho.
Odd Nordstoga
- Vi er glade for å kunne prersentere Odd Nordstoga (over til venstre), i unikt samspel med vår eigen Henning Sommerro på Kleivakvelden. Songaren og komponisten frå Vinje i Telemark er ein av dei mest kjente og kjære musikarane i Norge, både som soloartist og gjennom samarbeid med artistar som Herborg Kråkevik og Sissel Kyrkjebø. No blir dette utvida i samspel med Henning Sommerro på Kleivakvelden.
Diktet Vårsøg av Hans Hyldbakk og med melodi av Henning Sommerro har gjeve namn til festivalen Vårsøghelga. Den har markert seg som eit årleg kulturarrangement av høg kunstnarleg kvalitet. Basisen er i lokalsamfunnet og den lokale kulturhistoria, og festivalen har fått stor publikumsappell, både lokalt, regionalt og nasjonalt.
Spennande og breitt program
Vårsøghelga 2011 kjem til å ha eit spennande, breitt samansett og publikumsvenleg program. Også i år blir det ønska velkommen til seminar og konsertar, utstillingar og pubkveld. Mykje av dette er knytt til det lokale kulturliv. Samstundes kjem det profesjonelle artistar til glede og inspirasjon.
Ut over våren vil Laget Vårsøg presentere programmet gradvis og i dag vart altså Odd Nordstoga presentert.
ROT og helgapass
Tema for Vårsøghelga 2011 er ROT. - Vi tenkjer da på dei mange spennande muligheitene dobbelttydinga i ordet gjev. Det kan vere rot som røter og tilhørigheit. Men det kan også vere rot som kreativt kaos, humor og galskap, uvanlege innfallsvinklar og uventa samarbeidsprosjekt. Den som møter opp, får sjå! røper Gerd Ingrid Kvendset.
Ellers dreg ho fram muligheiten til helgapass, fordi årets Vårsøghelg vil innehalde svært mange godbitar. - Den som vil sikre seg ein smak av så mykje som muleg, bør skaffe seg eit helgapass som gir adgang til alle arrangementa. Prisen for dette er berre 750 kroner! desse helgapassa vil mest truleg bli lagt ut for sal i veke 11, opplyser ho og røper følgjande frå dei ulike dagane under festivalhelga:
Torsdag: Fotoutstilling, åpning av kunstutstilling og åpningskonsert med ungdommeleg vri. - Her er det klart at det lokale koret Bygdaungdommen vil delta. Dei skal øve inn repertoar heile påska for å få til eit program. Det blir spennande, seier Gerd Ingrid.
Fredag: Eldre hjelper eldre, konsert til skulebarn, Kleivakveld, Pubkveld og Vårsøgdisko.
Laurdag: Seminar, Vårsøgvandring til Kleiva, opera i verdsklasse, rockekonsert og jazzklubb.
Søndag: Kyrkjekonsert, portvin og laks og storslagen avslutningskonsert.
Velkommen til Vårsøglandet
- Vi vil igjen ønske velkommen til Vårsøglandet. Eit land utan geografiske grenser, ein tilstand, ein spire av stoltheit inst i hjarta, sin inspirasjon. For som Hyldbakk skreiv i diktet Kultursjå. "Stort er at folket ber slik kjærleik til kulturen". Ja stort er det, med den store kulturinteressa som nordmøringen har og flott er det for oss som driv med Vårsøghelga, seier Gerd Ingrid Kvendset.
Styreleiar Leif Otto Frønes oppsummerer litt fjorårets Vårsøghelg: - Vi nådde dei måla vi hadde sett oss. Sidan den tid har vi fått på plass nytt styre og ny dagleg leiar. Samtidig har vi arrangert "Vårres Jul" med Hans Rotmo med stor suksess. Økonomisk ser vi kor viktig det er å ha eit arrangement utom sjølve helga, som kanskje kan vera med å bera laget litt økonomisk, seier han.
Ellers vil det bli oppretta ei facebookside for Vårsøghelga. Det er berre å følge med. Og følg med på Trollheimsporten, som vil oppdatere kvar gong det kjem eit nytt drypp omkring arrangement og slepp av artistar. Følg med!
Under: Odd Nordstoga klar for Kleivakvelden: