Tips en venn
Send til e-post:
Fra e-post:
Melding:
Kode 
oddbjørn sponås, batteri_200x318

Oddbjørn til landsfinalen

Surnadalinngen Oddbjørn Sponås blir einaste deltakar frå Trollheimsporten-distriktet i landsfinalen i Ungdommens Kulturmønstring i juni i Trondheim. Og der skal han representere Sør-Trøndelag! I dag, onsdag, vart det klart kven som skal representere Møre og Romsdal i finalen, og trass i svært solid innsats i mønstringa i Elnesvågen sist helg, var det ingen frå Rindal eller Surnadal som vart plukka ut frå fylket. Oppdatert! 

Oddbjørn Sponås, som mange kjenner som trommeslagar i Surnadal-bandet Batteri, er elev på musikklina ved Trondheim katedralskule.

Under fylkesfinalen i Meldal 18.mars deltok Oddbjørn (slagverk og søppelbøtte) og Erle Romundstad Mylius (vokal og synth) med innslaget "Villfuglen og Slaget", som består av ein versjon av "My Heart" av det svenske bandet Wildbirds and Peacedrums. Bidraget vart svært godt motteke, og nå skal altså duoen få vise seg fram under landsfinalen i juni.
Erle er barnebarn til Magne Romundstad frå Fjellheim, Grønlifeltet i Rindal. Far hennar er Erling Mylius i Travellin’ Strawberies Og The Julekalender. Det er Grete Romundstad som er mor hennar, opplyser ein lesar.

Sjå konsertopptak av "Villfuglen og Slaget" her. 

Dei som skal representere Møre og Romsdal er

Jan Ivar Trio (Skodje), musikk

Rebel alliance (Molde), musikk

The Flow - Hip Hop Formation (Molde), dans

Kjendis Show v/Kristoffer (Gjemnes), teater

Jon Olav Sandal (Ørsta), musikk

Kari Olsson Orvik (Molde), utstilling

Martine Næss Sorthe (Gjemnes), utstilling

Marie Lovise Skansen Kleppe (Herøy), utstilling

Britt Berg Kolbjørnsen (Giske), utstilling

Tina Fløystad (Sunndal), konferansier

Bjørnar Torvholm Sævik (Herøy), konferansier.

Batteri - der Oddbjørn Sponås altså er trommeslagar - blir forøvrig "indirekte" Surnadal-representant i Trondheim, i og med at dei skal ha eige show under UKM-finalen.