Oddvar Mikkelsen leiarkandidat i Bondelaget
Oddvar Mikkelsen frå Surnadal er innstilt til leiarvervet i Møre og Romsdal Bondelag etter Inge Martin Karlsvik, Eide, som har sagt frå seg attval etter seks år som fylkesleiar. Dette skriv Møre og Romsdal Bondelag i ei pressemelding mandag.
Gunnhild Overvoll, Stranda, er foreslått attvalt som nestleiar. Også Anne Katrine Jensen, Gjemnes og Odd Helge Gangstad, Midsund, har takka nei til attval. Som nye styremedlemmer er foreslått Odd Bjarne Bjørdal, Ørsta og Vegard Smenes, Averøy. Petter Melchior, Norddal, er ikkje på val til styret i år.
Som nye varamedlemmer til fylkesstyret i Møre og Romsdal Bondelag er foreslått Marte Halvorsen, Halsa, Rita Dyrnes Flatvad, Sunndal og Tore Våde, Volda.
Oddvar Mikkelsen er 41 år, og driv med mjølkeproduksjon i samdriftsfjøs på heimgarden i Surnadal. Han er tidlegare mangeårig leiar i Surnadal Bondelag, og har vore styremedlem i Møre og Romsdal Bondelag det siste året.
Fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal Bondelag blir halde på Alexandra Hotell i Molde 4. og 5. mars. I forkant av årsmøtet blir næringskonferansen ”Bondens trengs” halde på dagtid fredag for heile landbruket i Møre og Romsdal. Det er venta nærare 200 deltakarar til konferansen. Arrangørane Bondelaget, Småbrukarlaget og Fylkesmannen vil samle flest mulig bønder, rådgjevarar, forvaltning, politikarar og andre som har eit varmt hjerte for norsk landbruk.
Konferansier og ein av innleiarane er Gaute Grøtta Grav frå Rauma og Farmen på TV2. Andre innleiarar er styremedlem i Norges Bondelag, Arnstein Røyneberg, og styremedlem i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Oddvar Vigdenes. Bøndene Marte Halvorsen, Halsa, Eystein Opdøl, Sunndal og Magnhild Vik, Rauma, vil beskrive situasjonen sett frå grasrota.
Korleis aukar vi matproduksjonen i Møre og Romsdal skal Rose Bergslid frå Nibio, Sverre Heggset frå Landbruk Nordvest og Christian Anton Smedshaug frå Agri Analyse prøve å svare på. Representantar frå dei politiske partia avsluttar næringskonferansen med diskusjon om korleis vi motiverer bøndene til framleis innsats og korleis vi rekrutterer ungdomen inn i næringa.
Bildet over: Oddvar Mikkelsen (foto: Møre og Romsdal Bondelag)