gata_1024x683

Øramartna!

Martnan på Surnadalsøra er godt i gang, og tilstrøyminga av folk første dag viser at nærområda har lært å sette pris på det årlege arrangementet. Av det som har gått føre seg, kan mykje samanfattast med stikkorda handverk og husflid, helse og historie. Klikk deg vidare og sjå litt av alt det som føregjekk i dag! Kanskje blir du frista til å ta ein tur til Øra i morgon, da innbyggjarane på Øra også vil stå klare til å ta imot publikum.

Utpå dagen var det framleis mykje folk i gata gjennom Øra. Alle foto: Norunn Holten

Husflid og handverk var nok den varegruppa som dominerte på martnaen. Fleire smykkemakarar var til stades, og vi beit oss merke i fleire svært dyktige treskjerarar som imponerte blant anna med vakre dragestolar. Fleire selte sjølvproduserte strikkeprodukt, nokon såpe. Det vil føre for langt å nemne alle. Her har ein ingenting å tape på å møte opp for å ta ein titt sjølv. Her bør det vera noko av interesse for alle!

På Øra står interessa for historia sterkt, og dette kom også tydeleg fram under martnaen. Fleire selte antikvitetar og brukte gjenstandar, i tillegg til Øras velforening sitt loppemarked i Trudvang. Eit populært innslag var også Historielaget si innhaldsrike fotoutstilling med motiv av folk og nærmiljø frå fleire epokar. Ikkje minst var det artig å kunne samanlikne bilete frå før og etter den store Ørabrannen.

Elles stod helse og velvære i forskjellige former i fokus på martnaen. Her var alt frå klarsynt veiledning og healing til mat  som også kan verke som sjelebot: bakels, lefser, middag frå Sylte Gårdsslakteri, asiatisk mat og gammelsalta sei! I kveld blir det utedans, så folkelivet fortsett både utover natta og i morgon.

Åshild Moen frå Vindøla selte flotte, eigenproduserte smykke frå bua si.

Åshild delte bu med mora si, Åse Sørvik, som selde strikkeprodukt og bærenett. Bærenetta er laga av eit dobbelt lag med kaffeposar, og er derfor eit godt eksempel på at gjenbruk ikkje berre er miljøvennleg, men også kan resultere i mange spennande produkt.

Pan Hoset har fått surnadalingane til å oppdage thaimat, og det var mange som vart lokka bort til bilen hennar av gode dufter også på Øra.

Dei yngste martnadsdeltakarane? Desse to damene hadde både litt brukt og litt eigenproduksjon å selje.