
Preiketekst Johannes 21,15-19:
Øvre Rindal Kapell 15.04.12.
kapell sundag kl.11. Peter har gått på trynet i bannskap og fornektelse. Peter får
ei ny sjanse. Dermed kan det vera håp for oss òg?! Vel møtt!!
Øvre Rindal kapell. Foto: Juanita Møkkelgård
Då dei hadde halde måltid, seier Jesus til Simon Peter: «Simon, son til Johannes, elskar du meg meir enn desse?» «Ja, Herre», svara han, «du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø lamma mine!» Og han seier til han andre gongen: «Simon, son til Johannes, elskar du meg?» «Ja, Herre», svara Peter, «du veit at eg har deg kjær». Jesus seier til han: «Gjet sauene mine!» Så seier han tredje gongen: «Simon, son til Johannes, har du meg kjær?» Peter vart sorgfull då Jesus tredje gongen spurde: «Har du meg kjær?» Og han svara: «Herre, du veit alt, du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø sauene mine!»
Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Då du var ung, batt du sjølv beltet om deg og gjekk dit du ville. Men når du blir gammal, skal du retta ut hendene, og ein annan skal binda beltet om deg og føra deg dit du ikkje vil.» Det sa han for å syna kva slag død han skulle æra Gud med. Då han hadde sagt dette, sa han til Peter: «Følg meg!»
182 – Krist stod opp av døde
171 – Guds kyrkje, syng kring vide jord
181 – Jesus, som iblant oss står
409, melodi som 212 – Hvor Gud meg fører. Vers 1-3.
409, vers 4.
Kunngjøringer: Neste gudstjeneste i kapellet 10.juni kl.19.30.
Neste gudstjeneste i Rindal kirke: 29.april kl.11.
Ofring til Kirkens SOS Møre. Kyrkjekaffi.