Offensiv Senterungdom på Indre Nordmøre
Møre og Romsdal Senterungdom hadde i går ein travel og spanande arbeidsøkt på Indre Nordmøre, skriver Elin Aune Dromnes i en e-post til Trollheimsporten. Dagen starta med foredrag og stands på Sunndal vgs. og Surnadal vgs. Etterpå bars det til NOFO for stands og foredrag der. Les mer og se bilder:
Viktige ungdomssaker for dagen var: Førarkort inn i Vidaregåande skule, Nasjonalt Ungdomskort, 11 månaders stipend, Utstyrs og bokstipend og Nei til EU.
Jenny Klinge var huka inn for dagen. Ho og Marius Strømmen, fylkesleiar i Senterungdommen Møre og Romsdal, haldt foredrag på dei to vidaregåande skulane, på NOFO og under arrangementet Tacopolitikk.
Jenny Klinge var huka inn for dagen. Ho og Marius Strømmen, fylkesleiar i Senterungdommen Møre og Romsdal, haldt foredrag på dei to vidaregåande skulane, på NOFO og under arrangementet Tacopolitikk.
På kvelden inviterte styret i Senterungdommen Møre og Romsdal ungdomane i kommunane på Indre Nordmøre til Tacopolitikk og quiz på hotellet kl 19. Målet for kvelden var å starta opp Indre Nordmøre Senterungdom. Dette klarte dei. Erik Mogstad frå Surnadal er den nye leiaren.
Tacobufee`n og Quiz`n vart vellukka. Senterungdommen stilte med tre lag; Brøskes beste venner, Wikipedia og Emla. Av totalt 30 lag kom dei tre laga til Senterungdommen på 1, 3 og 8. plass. Ikkje verst? Vinnarlaget vart Brøskes beste venner. Kanskje ikkje så rart dei hamna på 1.plass?
I løpet av dagen fekk Senterungdommen verva 5 nye medlemmar og fleire interesserte melde seg. Dette er Senterungdommen i Møre og Romsdal svært nøgde med.
Vil du vera med i Senterungdommen eller rett og slett er nysgjerrig på kva Senterungdommen er, er det berre å ta kontakt med Marius Strømmen på telefon 95705010 eller mail : mnk@sp.no eller gå inn på http://www.senterungdommen.no/ og melda seg inn der.
Her er nokre bilete frå dagen:
Taco politikk
Senterungdommer som var tilstede under arrangementet
Vinnerlaget - Brøskes beste venner
Mens man venter på resultatet av quizn....
Tekst og foto: Elin Aune Dromnes

.png)

