Svarrabærje-revy plakat_350x263

Og namnet er… 18 CENTI!

10. november er det premiere på Svarrabærje Teaterlag sin nye bygdarevy i Surnadal - ein revy der forhåndssalet av billettar er godt i gang, men der sjølve tittelen har blitt halde hemmeleg. Svarrabærje har motteke mange gode forslag i sin tippekonkurranse om kva som er revynamnet. No avdukar dei plakaten – og namnet på den nye revyen er ”18 CENTI”.

Instruktør Ingebrigt Røen (t.v. på bildet), Jan Peter Husby, Linda Botten, Leif Gjeldnes og dei andre involverte i bygdarevyen, er no i full gang med øvingane til forestillingane i Storstuå i Surnadal Kulturhus 10., 11., 12. og 13.november.

Billettsalet er i gang, og allereie no er ein fjerdedel av billettane gått unna. Den som vil sikre seg publikumsplass i Storstuå i Surnadal Kulturhus til ei – eller fleire – av forestillingane, må difor ikkje vente for lenge.

Årets Svarrabærje-revy heiter altså ”18 CENTI”, eit namn som kan – og skal - gi assosiasjonar i mange retningar, men som også er knytt opp mot eit konkret byggjeprosjekt i sentrum av Surnadal.

- Tittelen skal vere litt nysgjerrigheitsskapande. Dei som ser revyen, vil både få mange artige overraskingar og nærare innblikk i kva 18 centi inneber, seier Ingebrigt Røen med eit smil.

Instruktøren lovar ein god, gammaldags revy med mykje humor, song og dans. Kjente og rutinerte revy- og teaterfjes som ”Johnse” Sættem og Maren Larsen er med, og det blir i tillegg mange unge og nye talent å sjå på scena. Musikken er også i dei beste hender, med Per Holten, Torbjørn Kvande og Helge Nilsen Wesche i orkesteret.

Billettar kan kjøpast på Surnadal Kulturhus (tlf 71 65 73 08), Vårsøg Hotell (tlf 71 65 71 00) eller internett: billettluka.no.

Vinnaren av Svarrabærje Teaterlag sin "tipp tittelen"-konkurranse, blir offentleggjort på Trollheimsporten seinare denne veka.