IMG_2198

1. juledags prekentekst:

Og ordet ble menneske og tok bolig iblant oss

Prekentekst fra Øvre Rindal kapell, Joh. 1,1-14

Me som har vore oss bevisst på å eige ei tru, veit det vèl: Gud kommuniserer med oss via ord – og så i sakrament i tillegg. Guds ord har me å sjå stort på, slik som det fungerer til oppbyggelse og tryggheit, dagleg omvending og endå til saligheit.

Gud har alltid hatt ordet i si makt. Slik vart det framstilt frå Bibelens fyrste side og like til Johannes og hans evangelium. Der vart verda med alt sitt skapt etter kvart som Gud talte. Gud talte, og så vart det. No er Gud på banen med å kommunisere att. Framleis er det Ord som teller, men no er innhaldet nytt: Ordet blir menneske og buset seg mellom oss. Me ser hans herlegdom, ein herlegdom som Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.

Det var noko til avensement! Gud brukte skaparordet for å laga himmel og jord, hav og univers, frukt og bær, menneske og dyr. Så handlar det meste av kva me les i Det gamle testamentet om relasjonar, – om relasjonen mellom folk og Gud. Det er noko trøyttande for båe partar, ser det ut til.

Noko må skje. Og julenatta for om lag 2017 år sidan skjer det: Gud grip inn i historia att. No er det ikkje lengre steintavler med bodord eller profetiar Gud kommuniserer med – no er det eit menneske.

Nåvel. At Gud kunne skape menneske, kjenner me jo til. Det vart bruka jord, mens pusten kom ved innanding. Så mange dagane gjekk det ikkje før det gjekk gale.
No gjer Gud det på ein ny måte: Han skapar eit menneske som blir født. Dette mennesket er det som kjem til oss og er Gud. Dette mennesket er liv og lys for menneska – då må det vel vera liv og lys for oss òg?

Det sanne lyset som lyser for menneska, kom no til verda. Det sanne lyset, – kva er nå det?
Det sanne klyset er så stort at det ligg utanfor alt eg forstår. Men like fullt er det til å tru.
Kunne Gud skapa himmelen og jorda og alt anna gjennom ord, kunne han vel skapa frøet som vaks i Maria sin mage også? Gud kunne. Og Gud ville. Sjølv om han visste at det ville koste meir enn me nokon sinne kan forstå av oppgjer for syndene mine, for syndene dykkar, for alt me har drege over oss av krenking både av Gud og kvarandre.

Jesus er skapt for å bera gjennom å lide, for å gjera godt gjennom å ha det vondt.
Me skal ikkje bli verdande i skamma vår. Den slags gagnar lite både for oss og for han som vart sendt til verda for å vera til å tru på. Han bèr konsekvensane for det som er vårt  - og så byr han oss konsekvensane for det som var hans til gjengjeld. Me har vel ikkje så mykje anna å gjera enn å lata det stå til og takke for at det vart slik.
 
Juledags evangeliet frå Johannes 1:


I begynnelsen var Ordet.
Ordet var hos Gud,
og Ordet var Gud.
          

Han var i begynnelsen hos Gud.
          


Alt er blitt til ved ham,
uten ham er ikke noe blitt til.
        
4
Det som ble til
i ham, var liv,
og livet var menneskenes lys.
          

Lyset skinner i mørket,
og mørket har ikke overvunnet det.
        

Et menneske sto fram, utsendt av Gud. Navnet hans var Johannes. 7 Han kom for å vitne. Han skulle vitne om lyset, så alle skulle komme til tro ved ham. 8 Selv var han ikke lyset, men han skulle vitne om lyset.
          

Det sanne lys,
som lyser for hvert menneske,
kom nå til verden.
          
10 
Han var i verden,
og verden er blitt til ved ham,
men verden kjente ham ikke.
          
11 
Han kom til sitt eget,
og hans egne tok ikke imot ham.
          
12 
Men alle som tok imot ham,
dem ga han rett til å bli Guds barn,
de som tror på hans navn.
          
13 
De er ikke født av kjøtt og blod,
ikke av menneskers vilje
og ikke av manns vilje,
men av Gud.
          
14 
Og Ordet ble menneske
og tok bolig iblant oss,
og vi så hans herlighet,
en herlighet som den enbårne Sønn
har fra sin Far,
full av nåde og sannhet.
        

Joh 1,1-14