
Og så kom huldra til Ranessetra!
Frå venstre Silje Ranes, Svanhild Husby og Nils Inge Aasgård viste smakebitar frå "Huldredans" ved Ranessetra. Alle foto: Norunn Holten
Det vart ein lang dag i det fri for dei omtrent 25 personane som tok vegen til Ranessetra søndag, men det var også ein tur som baud på mange opplevingar. Turen starta der du tar av opp til Skeisnebba. Derifrå bar det til fots oppover vegen og deretter langs stien mot Honnstadknyken. Den yngste deltakaren på turen satt i bæremeis, den eldste var i 90-åra. Dei fleste starta som sagt opp i Skeisnebba, men det var også ein gjeng som hadde tatt den langt brattare turen opp lia frå Ranes. Alle samlast etter kvart på vollen ved seterskjelet på Ranessetra, og det var kjente tonar frå Huldredans-forestillinga i vinter som møtte dei på vollen.
Straks dei siste deltakarane var på plass, starta ei miniforestillling med huldredans med Silje Ranes, Svanhild Husby og Nils Inge Aasgård i rollene. Her var huldra utan tvil heime, og det var nok ingen av dei som var til stades som sakna dei tekniske effektane som utøvarane ikkje kunne ha tatt med seg til seters. Her sette steinbygningane, fjellplantene og -trea, vatnet nedanfor vollen og berga ovanfor den riktige stemninga. Her bør det bli ein reprise som fleire bør få med seg!
Etter miniforestillinga gav Råg Ranes ei interessant orientering om historia til setra, og ikkje minst det arbeidet som er blitt gjort der. Setra slik ho er i dag, er eit resultat av ein imponerande dugnadsinnsats av gardbrukarane på Ranes. Råg Ranes fortalte at det har vore mange arbeidstimar, men at alle har stilt opp med glede og at samarbeidet har fungert veldig godt heile tida. Folket på Ranes har etter vårt syn all grunn til å vera stolte over den flotte setra si- som det forresten burde vera obligatorisk for alle surnadalingar å sjå. Ranessetra framstår i dag som eit unikt kulturminne av stor verdi. Dei tre bygningane, seterskjel, kufjøs og sauefjøs, står som synlege vitnesbyrd om forhistoria vår, men er og eit levande bevis på kva det går an å få til med godt samarbeid og godt naboskap. Ranesgardingane er også så generøse at dei vil dele den flotte setra si med bygdefolket. Skjelet står nemleg alltid ope slik at vandrarar kan stikke innom for å eta matpakken sin i ly for insekt eller styggvær. At folk på Ranes må vera eit generøst folkeferd, fekk også dei tilreisande erfare i praksis under besøket sitt på setra. Her vart det nemleg servert kaffe og kjeks til heile forsamlinga og pølser til dei minste!
Etter at publikum hadde fått påfyll med både mat, underhaldning og informasjon, valte deltakarane på turen ulike vegar heim att. Nokre valde å gå ned til gapahuken ved Gammelsetra og vidare om Salen før dei gjekk ned igjen til Skeisnebba. Strekninga Gammelsetra-Salen byr på ein storslagen utsikt over nerbygda i Surnadal. Sjølv om det begynte å koma nokre regndropar da turgåarane nådde dit, var dette likevel ei flott oppleving.
Klikk på bileta under for å sjå dei større eller i serie.