2020-06-20 12

OL-gensere trekkplaster

- Det var OL-genserain oss villa sjå, sa desse karane, som koronnekosa seg med kaffe og litt smågodt attåt på første opningsdagen denne sesongen for Rindal Skimuseum.

Bildet: Frå venstre: Olav Elshaug, Anders Gåsvand, Even Langli, Magne Løset og John Inge Kvam

Hovedfokus i skimuseet idenne sesongen er OL, og utstillinga av 17 nystrikka OL-genserar blir nok beundra av fleire enn karane i kafeen. Det er medlemmene i venneforeninga som har nytta koronatida til denne strikkinga, og ideen kom frå denne boka som Kari-Elin Bolme Løfaldli viser fram nedafor.

2020-06-20 11.54.54.jpg
2020-06-20 12.01.26.jpg
Og her er originalgenseren til Harald Grønningen frå 1960.

IMGP3154.JPG
- så mykje folk var det på mønstringsrennet i Rindal før OL i 1952,, seier Kari-Elin og viser oss bilde av publikum langs løypa.

IMGP3155.JPG

 Du kan lese meir om det i avisutklipp som er lagt fram i skimuseet.

2020-06-20 11.57.29.jpg
Mikal Kirkholt fekk sølvmedalje i lag med det norske stafettlaget i OL 1952.

Sjå også denne omtalen på Trollheimsporten!

2020-06-20 11.36.38_690x920.jpg
Daglegstova byr inn til fest bak glasdøra!

Rindal Skimuseum er no ein del av Musea i Trøndelag (MIST), og i år har dei fått montert glasdører i mange døropningar. Da kan du sjå inn i rommet utan å røre eller flytte på det som er utstilt. Dermed kan alle ytterdørene vere opne for publikum utan at omvisaren er med.

Har du spesielle ønske, så er omvisaren med deg og låser opp glasdøra.

Glasdørene har altså ingen ting å gjere med koronapandemien.

Fleire plassar i bygningane vil du finne gamle bilde frå Rindal med ny plassering.

IMGP3151.JPG
I stallen under Heggemsfjøset finn du ei ny og informativ utstilling av utstyr til hesten.

IMGP3152-001.JPG

2020-06-20 11.59.37.jpg

Gunnar Hegvik, som var dyrlege i Rindal, var ein habil treskjærar. Han har skore ut treskeier av tre frå Svinviks Arboret.

I Filmrommet under museumskafeen kan du sjå lokalhistorisk film frå slutten av 50-talet og 60-talet i 26 episodar.

2020-06-20 11.33.06.jpg
Gjennom glasdøra kan du sjå mesta heile vareutvalget til landhandelen i Litjlarsstøggun, og du ser inni Bjønnåsstøggu (nedafor).

2020-06-20 11.35.56.jpg

2020-06-20 12.16.13.jpg
Her er tre av dei du møter som museumsvertar: F.v. Håken Heggem, Tølløv Heggem og Ida Kaspara Hyttebakk.

IMGP3153.JPG
Ytterdøra til husmannsplassen Stokke er open, du ser vidare inn gjennom glasdøra.

2020-06-20 12.29.16.jpg
Vekommen til Rindal Skimuseum, ein del av MIST!
IMGP3148.JPG

Rindal Skimuseum er medlem av Trollheimsporten.