Picasa

Ola Sæther med boka Grenda vår, Austgrenda i Romundstadbygda

Tirsdag den 3. juli selde han boka på Rindal skimuseum. Kor mange han fekk selt, det veit eg ikkje, men boka er ein kulturskatt. I fire avsnitt: Grenda vår, Minne frå barndomen, Den gang jeg dro av sted og Amerikabrev, deler han kunnskap og tankar om den nære historia.

Eg har ikke lese heile boka, men eg er imponert over innhaldet i det eg så langt har fått med meg. Frå første del nemner eg kapitlet om Gjerde – Gard- Utgard. Alle rindalingar med nokre år på baken veit det kanskje, men eg har aldri høyrt om torvutgard før. I Austgrenda i Romundstadbygda finst det om lag 12 kilometer med torvutgard. Og sjå biletet på side 28 av elektrisk gjerde i vinterskrud. Vakkert.

Så var det Minne frå barndomen. Her er det far til Ola som fortel om då han var gjetar i sju år frå han var fem til han var elleve år. Dei siste to åra var han gjetar i Bjønnaråa. Sanneleg var tida annleis for ein elleveåring i 1914 enn det ho er i dag. John, som faren heitte, var så uheldig at han braut sund ei tann på tur til setra. Etter å ha hatt tannverk heile sumaren, bar det med hesteskyss til Bolmvollen der tanna vart trekt ut av han Nils Vollå.

Flotte bilete frå stølen og fjellet er tekne av farbroren Sivert Sæther i 1912. Han hadde vore i Amerika. No var han heimom og hadde med fotoutstyr som han for rundt i fjellet med.

Denne boka er ein godbit ikkje berre for rindalingar, men for alle historieinteresserte. Ho er også ei gullgruve for skolen i historieundervisninga. 

Foto og tekst: Helene Nergård