tufte_250x167

Olaf Tufte til Todalen og Øye

Dobbel olympisk meister i roing, Olaf Tufte (34). kjem 27. mai til Surnadal for å besøkje sjuandeklassingane ved skulane Todalen og Øye. Tufte er med på Norges Astma- og Allergiforbund sin Aktiv med Astma Tour, der målet er å spreie informasjon og motivasjon.

Norges Astma- og Allergiforbund reiser no rundt i landet med kampanjen Aktiv med Astma Tour. I løpet av tre veker gjestar dei 25 skular i ni fylke for å lære opp både elevar og lærarar og spreie kunnskap om astma og fysisk aktivitet.

Olaf Tufte, som sjølv har både astma og kraftig grasallergi, er frontfigur for prosjektet fordi han personleg brenn for å nå ut til barn og unge med bodskapen om at alt er muleg, sjølv med astma.

Opplegget består av mellom anna ein artig gymtime som passer for alle, musikk, informasjons-DVD og konkurranser.