
Olav Jan Snekvik årets avløysar
Under haustsamlinga til Norske Landbrukstenester på Rica Hell i Stjørdal denne veka var det fire avløysarar som fekk overrekt heideren årets avløysar. Ein av desse var Olav Jan Snekvik frå Indre Nodmøre Landbrukstenester, der styret i Indre Nordmøre Landbruktenester nominerte han tidlegare i år. Sjå kva dei skriv om Olav Jan, som tidlegare er tildelt gullklokke og Norges Vels medalje:
Indre Nordmøre Landbrukstenester er med i Trollheimsporten med link - bli med - alle som er med her!
Her brevet styret i Indre Nordmøre Landbrukstenester sendte til Valgnemnda i Møre og Romsdal:
Nominasjon av kandidat til ”årets avløysar”.
Olav Jan Snekvik f. 01.07.54, har arbeidd som avløysar i full stilling sidan 17.09.1979. Han vart tilsett i det som da heitte Bæverdal-Bæverfjord avløysarring som no består av 6 bruk, alle med mjølkeproduksjon.
Siterer her eit skriv som ringen har forfatta sjølv: Olav Jan har vore tilsett sidan 17.09.79. Den gongen ante vi ikkje at han vart verande i same jobben over 30 år seinare. På den tida vart avløysarringane på bygdene starta, og det var stor gjennomtrekk i avløysaryrket.
Da Olav Jan byrja, var alle gardane i ringen samla i Bæverfjord-Bæverdal. Men utviklinga har diverre gått i den retning at mange bruk har vorte nedlagt. Olav Jan har innretta seg deretter, og driv no avløysing fra Bæverdal til Bølandet i Bøfjorden.
For at avløysaren skal trivast har brukarane gjort litt for å legge forholda til rette slik at vi fekk behalde han lengst mogleg. Olav Jan var ivrig fotballkeeper utover i 80-åra. Da vart det avgjort at han skulle få fri helgane i sommarsesongen. Det ville no vore forferdeleg om han måtte gå ut av målet for å gå i fjøset klokka fem.
Men etter nokre år vart det meir slutt på fotballen, og da stilte han seg til disposisjon på helg igjen etter eige initiativ. På folkemunne heiter det at vi kan stille klokka etter Olav Jan, for der er det ikkje mykje avvik, og det er betryggande for oss som er så heldige å ha ein slik avløysar. Han har eit fenomenalt godt lag med dyra, han hugsar betre øyrenummer og kvar enkelt ku enn kva brukarane sjølve gjer. Når det har vore generasjonsskifte på ein gard, har Olav Jan fulgt med. Ikkje alle avløysarar opplever å vera i teneste før og etter eit generasjonsskifte.
Etter 25 års teneste fekk han tildelt gullklokke. Da var det middag og triveleg samankomst på Surnadal hotell (no Vårsøg hotell). Alle brukarane i ringen set umåteleg stor pris på han. Det er godt å ha FRI når ein skal ha fri!! Han er ikkje ein person ”med store ord”, men ein meir påliteleg avløysar går det ikkje an å få.
Tillegg frå Indre Nordmøre Landbrukstenester: For to år sidan fekk Olav Jan tildelt Norges Vel si medalje for å ha vore i teneste i over 30 år. I den sammenheng hadde vi ein høgtideleg og triveleg samankomst på Hammerstuene i Surnadal. Alle i avløysarringen var invitert saman med Olav Jan. Ordførar i Surnadal, Mons Otnes overrekte medalja.
Surnadal 31.07.2012
For styret i Indre Nordmøre Landbrukstenester
Eli Gulla
Trollheimsporten gratulerer som årets avløysar!