gruppebilde%20stort2_1024x550

Startar i Surnadal

Ole Paus og "TrondheimSolistene" turnerer

Operaen i Oslo, Ibsenhuset i Skien, Olavshallen i Trondheim og eit knippe andre store konserthus rundt om i landet er avmerka på kartet når Ole Paus om kort tid legg ut på turne saman med «TrondheimSolistene». Først går likevel turen til Storstuå i Surnadal der opningskonserten for turneen blir arrangert 14. mars. I dag er billettane lagt ut, og dei går unna....

Kulturhusleiar Karstein Telstad (t.v.) og dagleg leiar i "TrondheimSolistene", Steinar Larsen, inviterer til spennande konsert på kulturhuset. Foto: Norunn Holten

Dermed er det klart for nok eit nytt, musikalsk høgdepunkt på Surnadal kulturhus. «TrondheimSolistene» er dei siste åra blitt tatt godt imot av publikum i Surnadal, og dei har hatt god oppslutning om nyttårskonsertane dei har halde i bygda. Dei var derfor i Surnadal så seint som no på januar, og det var slett ikkje sjølvsagt at det skulle bli eit gjensyn med orkesteret berre eit par månader seinare. Da kulturhusleiar Karstein Telstad fekk vita at orkesteret skulle ut på turne saman med Ole Paus, tok han likevel kontakt med dei for å få dei til å leggje turen innom Surnadal. At dagleg leiar i «TrondheimSolistene» er den utflytta surnadalingen Steinar Larsen, har nok utan tvil betydning for utfallet av den saka. –Det som er litt artig, er at ein premiere på ein ganske stor turne blir lagt til Surnadal, seier Steinar Larsen. Etter Storstuå står nemleg store og velrenommerte konserthus landet rundt for tur: Stavanger konserthus, Rica Maritim Hall i Haugesund, Operaen i Oslo, Ibsenhuset i Skien, Maihaugsalen på Lillehammer og Olavshallen i Trondheim.

Det er første gongen Ole Paus og « TrondheimSolistene» spelar saman. Steinar Larsen fortel at turneen med Ole Paus blir eitt av dei store prosjekta til TrondheimSolistene i år, og det er tydeleg at han har store forventningar til samarbeidet. Ole Paus har allereie hatt si første øving saman med orkesteret, og dette var eit sterkt møte. Som publikum kan vi derfor vente oss ein konsert som gjer inntrykk. Paus sine evner til å røre tilhøyrarane burde også vera uomstridt etter deltakinga hans i TV-serien «Hver gang vi møtes» i vinter. På konserten er det musikk av Ole Paus som står på programmet, men i tillegg kan det også bli nokre innslag frå «Hver gang vi møtes». Steinar Larsen lovar dessutan Paus arrangert på ein ny og spennande måte på grunn av samarbeidet med strykeorkesteret. Han minner oss også om at Paus er den største låtskrivaren her til lands gjennom tidene.

Ole Paus har hatt si første øving saman med "TrondheimSolistene". 14. mars står Storstuå for tur. Foto: Alice Winnberg