Kommjobb for:Olje & Energidepartementet Navn:  Håkon Smith-IsaksenPortrett av statsråden og andre

Temadag om energisparing

Olje- og energiministeren til Surnadal

Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen er ein av foredrags-haldarane når Enøk-senteret AS arrangerer temadag i Surnadal 16.mars om energisparing på Nordmøre. Det er samarbeids-prosjektet Energinettverk Svorka som vekkjer interessa til ministeren.

Kommjobb for:Olje & Energidepartementet Navn:  Håkon Smith-IsaksenPortrett av statsråden og andre

I Energinettverk Svorka har åtte bedrifter frå Surnadal og Rindal gått saman med mål om å redusere energibruken sin med 4,8 GWh i løpet av dei neste tre åra. Målet skal nåast ved å setje fokus på energileiing og fysiske enøktiltak.

 - Det handlar både om å bevisstgjere dei tilsette og å kartleggje energibruken for å finne ut kvar vi skal setje i verk sparetiltak, seier Glenn Tore Solevåg, enøkrådgjevar i Enøk-senteret AS og prosjektleiar for Energinettverk Svorka. Å samarbeide om energisparing er lønsamt både når det gjeld økonomi og kunnskap.

- Ved å samarbeide gjer vi mange små prosjekt til eitt stort. Bedriftene lærer av kvarandre, og dei dreg kvarandre mot målet, samstundes som dei får tett oppfølging. Resultatet er at fleire gjennomfører dei tiltaka dei har blitt tilrådd å gjennomføre. Nettverket er også ein modell Enova gir god støtte til, utdjupar Solevåg overfor tussa.no.

I løpet av prosjektperioden skal det gjennomførast temasamlingar for dei tilsette i nettverksbedriftene. Når den første samlinga går av stabelen 16. mars i Surnadal kulturhus er det med olje- og energiminister Terje Riis-Johansen som ein av føredragshaldarane. Han vil snakke om energisituasjonen og om regjeringa si haldning til energieffektivisering.

- Målet med temasamlingane er å gi dei tilsette høgare kompetanse og setje fokus på energisparing. Førelesingar, tema og utstillingar blir spesielt tilpassa bedriftene, men det er sjølvsagt også mykje nyttig informasjon dei kan ta med seg heim til sitt eige hus, seier Solevåg.

Prosjektet blei til etter initiativ frå Energiregion Møre, som er ein del av fylkeskommunen, og er finansiert av Enova. Enøk-senteret AS er prosjektleiar. Dei åtte selskapa i Energinettverk Svorka er Talgø Møbelfabrikk AS, T-komponent AS, Rindalslist AS, Rindalshytter AS, Børset Bakeri AS, Trollheim Vekst AS, MøreTre AS og Pipelife Norge AS.