1. juledag, prekentekst fra Johannes 1:
Om å ha ordet i si makt
Signa jolehelg til dykk alle! Ordet lèt då himmel og jord vart til, då Jesus vart født og då me høyrde så me kunne tru.
I begynnelsen var Ordet.
Ordet var hos Gud,
og Ordet var Gud.
Han var i begynnelsen hos Gud.
Alt er blitt til ved ham,
uten ham er ikke noe blitt til.
Det som ble til
i ham, var liv,
og livet var menneskenes lys.
Lyset skinner i mørket,
og mørket har ikke overvunnet det.
Et menneske sto fram, utsendt av Gud. Navnet hans var Johannes.
Han kom for å vitne. Han skulle vitne om lyset, så alle skulle komme til tro ved ham.
Selv var han ikke lyset, men han skulle vitne om lyset.
Det sanne lys,
som lyser for hvert menneske,
kom nå til verden.
Han var i verden,
og verden er blitt til ved ham, men verden kjente ham ikke.
Han kom til sitt eget,
og hans egne tok ikke imot ham.
Men alle som tok imot ham,
dem ga han rett til å bli Guds barn,
de som tror på hans navn.
De er ikke født av kjøtt og blod, ikke av menneskers vilje
og ikke av manns vilje,
men av Gud.
Og Ordet ble menneske
og tok bolig iblant oss, og vi så hans herlighet,
en herlighet som den enbårne Sønn
har fra sin Far,
full av nåde og sannhet.
Joh 1,1-14
Rindal kirke 1. juledag 2015
Det er nesten så eg gruar meg for å byrja å preke etter at Johannes har sagt sitt. Orda bèr så vidt, så djupt og så høgt. Mens det endå til berre er ord han skriv om.
Så veit me det så vèl: Ordet med stor O er ikkje berre ord. Det er Gud og menneske i same kropp. Det er lys i mørkret, orienteringspunkt bortanfor julekos og idyll, himmel over livet og tru, håp og kjærleik som er til å kjenne, undrast over, bli utfordra av – og bli frelst ved.
Slik formidlar Johannes det til oss. Han brukar ein så enkel gresk at det er desse versa me byrja med då me skulle lesa oss inn i orda på grunnteksten. Det er så enkelt og likevel poetisk, så bokstaveleg å forstå og likevel til å bèra i hjarta og grunne på det – slik som Jesu mor i si tid gjorde. Det kunne sjå ut til å bli eit evigheitsprosjekt i alle fall på denne sida av døden.
Eitt ord går att gong etter gong i det me høyrde lese. Det er ordet OG: Og ordet var Gud. Og livet var lys for menneska. Lyset skin i mørkret og mørkret har ikkje vunne over det. Han kom til sitt eige og hans eigne tok ikkje imot han. Og Ordet vart menneske og busette seg mellom oss.
Både og. Det eine og samstundes det andre. Ein tese som samstundes utløyser ei antitese. Inntil det oppstår ei syntese. Noko for seg sjølv, eit produkt av det eine og så det andre.
Er det dette som skjer her? Det kan så vera som ein nøkkel til å forstå mens me høfleg nok sender ein takk til Georg Wilhelm Friedrich Hegel som i sitt 1800-tal gav oss ein nøkkel til å kunne forstå ut over vårt eige intellekt.
Det enklaste me kan forstå som produkt av to ulike, må vera born. Mor og far er to individ som tilsaman får born, - eit produkt av dei båe og like fullt noko for seg sjølv.
Er det dette som skjer ved jula òg? Ytre sett skjer det ganske så normalt: Ein kar ved navn Josef og ei dame ved navn Maria får ein son under ganske så dramatiske omstendigheiter i Betlehem. Lite gjestfritt er det, men det blir så det går greit både med mor og barn. For ikkje å gløyme far, som nok har sitt å grunne på, han òg.
For Josef er nok utfordringa dette at han ikkje er far. Han veit at han ikkje er faren. Like fullt som Maria veit det.
Men det må gå til på dette viset, skal det bli så himmel og jord kan møtast, så den heilage skal kunne leva mellom oss som er litt av kvart, så Gud kan bli menneske og på det viset vera vår inngang til det paradiset me ikkje klarer å oppnå unsett kor magisk himmelsk me måtte makte å innreide både oss sjølve og heimen.
Så ser me det gjerne, det som skjer og som me endå til inretter tida vår etter: Gud er den fyrste, han er i den begynnelsen Ordet byrja – om det så var for å dele land frå hav og lys frå mørkret.
Han som kunne skape det han nevnte, i tur og orden, kunne på sitt forunderlege vis skape eit liv i Maria si livmor. Ho var viljug til å ta utfordringa og stå lina fullt ut. Koste kva det koste ville – og me veit det vart ein overmenneskeleg smerte ho måtte bera i dette å vera mor i fortid, samtid og for alltid. Også Maria trengte livet som var laga til henne gjennom at Jesus vart født, døydde og stod opp att.
I all sin enkle utforming, er det så Johannes utfordrar oss og ber oss om å velja side. Me kan ikkje stille oss ”nøytrale” til han som kom til sine eigne. Anten tek me imot, eller me blir som Johannes benevner: Han kom til sine eigne, men hans eigne tok ikkje imot han.
Kva blir mørkt når lyset skin på det? Mørkret må halde på med sitt, det klarer ikkje å vinne over lyset.
Så er altså Jesu ankomst til verda noko me blir utfordra på både i tanke, tru og følelse. Kva om det er sant? Kva om det er tilfelle, dette: Gud kjem til oss i kjøt og blod, blir eit menneske som oss og – og er vegen til Gud, til lyset, til den gode overmakta?
Eg har sjølv hatt mitt av tankegods å arbeide med, - dette med inkarnasjon, dette at Gud blir menneske, blir ein for absurd tanke, for vanskeleg å forstå. Denne tanken får aldri stå lenge åleine, før eg ser meg om og undres korleis det skal bli her i denne verden som er vår, som er forurensa, som er full av krig og uro, urett og overgrep. Ser me det ikkje på nyheitene, blir det gjerne så me kjenner det i vårt indre: Ein angst både for samtida og framtida. Ei oppleving av å vera liten og sårbar. Me kan så lite og korleis skal det bli?? Men alle som tok imot han,
dei gav han rett til å bli Guds born,
dei som trur på namnet hans.