Orkmannen heading_715x536

Om høstvær i "Orkmannen"

- I en vurdering av hva som er normalt og ikke normalt etter årstiden - slik vi og flere har opplevd det denne høsten, kan det være av interesse å trekke fram følgende innlegg i avisa ”Orkmannen” for 13.10.1939, skriver Jon Sveen til Trollheimsporten.

"SMÅNYTT FRA RINDAL

Innhaustinga er no for det meste fråseggjort. Alt bygget er i hus og storparten av havren med. Potetene er komne i kjellerane, og dei fleste er ferdig med nepene og. Men enda er det nok haustarbeid om det fine veret held seg. Haustplognaden er i full gong, og folk tek oppmodinga om å auke åkerarealet med ålvor og lojailitet.

Skilauparane tek alt til å røre på seg. Det er sjølsagt ikkje bruk for ski enno, men kondisjonstreninga er alt teke til. Som eit ledd i denne skal ”Nansen” ha skogslaup no sundag kjem. Så når snøen kjem, vil vel skilauparane vera godt budde til å ta fatt på spesialtreninga. Og ein får vone at rindølene vil hevde seg like godt i år som før om åra.

Folk er sers spente på å sjå kor det går med bilrutane til Trondheim, om ein får køyre heilt fram til byen eller om det blir berre til Svorkmo. Det siste ville verte eit stort attersteg for bygda.

Multehausten vart dårleg. Det fanst mest inkje av multer. Derimot har det vore overgildt med blåbær og tyttebær. Men sukkerrasjoneringa har gjort at bæra blir mindre nytta enn ho ellest hadde vorte."