Om Jakob den låghalte
Jakob Patriarken havnar i slåsskamp. Fyrst forstår han ikkje kven han kjempar imot, men så går det opp som eit lys: Han kjempar mot Sjølvaste Gud! Historia er berre underleg. Tekst og preike for søndag 16.mars på Rindal Bedehus les du nedafor.
Preika, Rindal Bedehus 16.03.14
Me skal stoppe ved ein merkeleg historie frå 1.Mosebok.
Historien er ikkje rar fordi den handlar om Jakob, den luringen. Han som var veslebror til Esau og lurte både far sin og bror sin slik at han fekk privilegiar som høyrde Esau til.
Det rare her er at Gud går til kamp mot Jakob. Kva det skal vera godt for, skal me høyre frå 1.Mosebok 32:
Jakob var alene tilbake. Og en mann kjempet med ham helt til det grydde av dag. Da mannen så at han ikke kunne vinne over ham, ga han Jakob et slag over hofteskålen, så hoften gikk ut av ledd mens de kjempet.
Og han sa: «Slipp meg, for morgenen gryr!» Men Jakob svarte: «Jeg slipper deg ikke uten at du velsigner meg.»
«Hva heter du?» spurte mannen. «Jakob», svarte han.
Da sa mannen: «Du skal ikke lenger hete Jakob. Israel skal være navnet ditt, for du har kjempet med Gud og mennesker og vunnet.»
Da ba Jakob: «Si meg navnet ditt!» Han svarte: «Hvorfor spør du om navnet mitt?» Og han velsignet ham der.
Jakob kalte stedet Peniel. «For jeg har sett Gud ansikt til ansikt og enda berget livet.» Slik lyder Herrens ord.
Med jamne mellomrom går programmet Tjue spørsmål på radio og TV. Kva hadde velsignelse vore om det var ordet ein skulle gjette seg fram til? Kan velsignelse betegnast som substantiv, abstrakt?
Med jamne mellomrom blir det velsigna i kyrkja. Då blir velsignelsen eit verb, noko ein blir og noko ein gjer. Og med korsets tegn attåt, så blir det også ganske så konkret.
Men kva er ein velsignelse, slik eigentleg?
Me kan gjerne vera samde om at velsignelse er eit gode. Det er godt å vera velsigna. Og me kan endå til bruke det i daglegtalen:
-
Me er velsigna med godt vèr.
-
Me er velsigna med store oljeressursar.
-
Me er velsigna med den beste ektefellen me kunne tenkt oss, med hus og heim.
-
For ikkje å snakke om kvar me er og kva me har sett undervegs: Me er velsigna med flott natur og god utsikt.
Me er velsigna. Sig denne vissa inn over oss, vil det gjerne setja i gang ein type kjedereaksjon av takknemlegheit og bøn om at Gud må velsigne endå fleire på same måte som me er velsigna.
Velsignelse kan aldri bli magisk som eit trylleformular. Sidan Gud er så personleggjort som berre Gud kan bli, står velsignelsen ganske nær Guds evne og vilje til å gje. Velsignelsen er alltid knytta til Gud, - velsignelse er det Gud som gjev oss.
Kvifor Jakob kjempa med Gud der i den svarte natta, forstår eg ikkje. Det kan ha vore som ein type forspel og forberedelse til det som hender etter, når Jakob skal møte att Esau for fyrste gong sidan han lurte både storebror og far trill rundt. Eg veit ikkje - .
Men eg veit at me kan lære noko av Jakob sin tross. Eg vil tru at Gud tåler såpass av oss òg, at me held oss fast med armar og føter, nektar å sleppe taket og set som betingelse: Eg slepper deg ikkje før du har velsigna meg.
Og så vil me gjerne forstå det: Uansett korleis me limer oss fast, så er det Gud som held oss meir enn me held fast i Gud.
Det vore neppe nokon ulempe for nokon at me er oss bevisst på at Gud held oss og held oss oppe. Gud velsignar oss. Og det kan me gjerne takke for at han gjer.