Surnadal kommunevåpen 200x246

Informasjonsskriv 2 frå Surnadal kommune til innbyggjarane om vasskrisa i kommunen

Omfattande vassmangel i Surnadal: Status og tiltak

Som følgje av langvarig berrfrost og lite nedbør har det på lik line med mange andre stader rundt om i landet oppstått ein krevjande situasjon med til dels omfattande vassmangel i Surnadal kommune. Omfanget av vassmangelen er av historisk art i kommunen og vi forstår at situasjonen er ei ekstra påkjenning for alle, særleg for gardsbruk, eldre og familiar med små born. Behovet for informasjon er stort - sjå meir for status og tiltak:

Behovet for informasjon om korleis situasjonen utviklar seg, kor ein kan få hjelp og kor ein kan skaffe seg og sine vatn, er naturleg nok stort og dette skrivet er utarbeidd for å sikra at denne informasjonen kjem ut til alle. Kommunen har hatt fleire krisemøte og har arbeidd kontinuerleg for å utbetre situasjonen sidan den oppstod for fullt 23.01.

Ved behov for assistanse ring Surnadal kommune sin vakttelefon: 416 35 388

Innhaldet i dette skrivet, samt vidare oppdatert informasjon, vert sendt ut med Heimetenesta/Heimesjukepleien, til lokalpresse og lagt ut på Surnadal kommune sine heimesider på www.surnadal.kommune.no og på Surnadal kommune si offentlege Facebook-side her.

Status og tiltak pr 28.01.2013

Fleire område er no utan vatn, men verst er situasjonen i Stangvik og Prestelva vassverk. I Stangvik er det estimert at 150 husstandar er vasslause.

Vassforsyning ved Stangvik Aldersheim:
Her kan alle hente vatn. Her er det det sett ut vasstankar som abonnentane kan hente vatn frå.

Vassforsyning for gardsbruk og private vassverk:
Fleire private vassverk og gardsbruk er vasslause, men desse har ikkje Surnadal kommune full oversikt over. Den kommunale tankbilen køyrer ut til fleire gardsbruk og fyller der det er tankar. Vi har henta 10 konteinarar i Kristiansund og det finst fleire på lager. Desse vasskonteinarane kan plasserast ved gardsbruk etter avtale med kommunen.

Vi minner om at vatnet må kokast dersom det skal brukast som drikkevatn!

Vassløyse er ein situasjon som rammar fellesskapen vår, og kommunen skal gjere det vi kan for å sikra tilgong på vatn for alle innbyggjarar i kommunen så langt råd er. Private vassverk kan ta kontakt med kommunen slik at vi får ei best mogleg oversikt, og ved behov vil vi køyre ut vatn til private vassverk etter avtale. Opptining og arbeidet med dette må private vassverk ta for eiga rekning.

Vassforsyning for eldre:
Det er særs viktig at eldre som ikkje er mottakarar av kommunale heimetenester og som ikkje kjem seg til vassforsyningstankar på eiga hand, får informasjon via naboar og kjende om at dei kan kontakte kommunen for utkøyring av vatn til seg ved behov.

Vassforsyning via Heimetenesta:
Heimesjukepleien i Surnadal kommune vil ta med seg informasjonsskriv til brukarar og kan ta med seg vasskanner ved behov. Heimesjukepleien har vakttelefon: 902 06 398

Vassforsyning via Surnadal Røde Kors:
Surnadal kommune får hjelp frå Surnadal Røde Kors til utkøyring av vasskanner til dei som ikkje greier å hente vatn sjølv. Ved behov kan ein ringe Vakttelefonen 416 35 388 eller Heimetenesta 90 20 63 98.

Vassforsyning ved Mo Oppvekstsenter:
Ved Mo Oppvekstsenter er det vassmangel, men dei vil få ein vasstank som vert fylt opp kontinuerleg av kommunen.

Tilbod om gratis dusj ved Surnadal Ungdomsskule
I symjehallen ved Surnadal ungdomsskule kan folk få gratis dusj på desse tidspunkta:
Måndag-torsdag: Frå kl. 17.00-21.00
Fredag: Frå kl. 17.00-20.00

Vi ber alle om å bruka så lite vatn som mogleg, da vi har så lite å dela. Nedtrekk på WC og bruk av vaskemaskin medfører stort vassforbruk. Hjelp kvarandre og ta kontakt med kommunen slik at vi kan bistå alle så godt vi kan!

Med helsing
Mons Otnes
ordførar