
"Omvendt" Stangvikfestival i Trondheim
25. og 26. september blir det "omvendt" Stangvikfestival i Trondheim. Det blir gjenvisitt av festivalfolk, med diverse opplegg på dagtid laurdag og søndag, fest med middag laurdag og underhaldning i kunstforeninga sine lokaler i Ilsvika, melder Trollheimsporten sin samarbeidspartnar stangvik.no.

Anne Nes i Stangvikfestival-styret skriv dette:
Festivalhelg i Trondheim: Det blir gjenvisitt av festivalfolk 25.-26. september. Da er vi gjestar og kan om ønskeleg bli innlosjert privat hos festivalvener i trønderhovudstaden. Brit Dyrnes er kontaktperson i Trondheim. Ho og vener lagar opplegg på dagtid laurdag og søndag. Laurdag kveld blir det fest med middag og uviss underhaldning i kunstforeninga sine lokaler i Ilsvika. Vi må prøva å få til ein del meir eller mindre seriøse innslag. Det er meininga at dei tek imot oss - vi er aktørar! Vi betaler for middag, tek med eigen drikke. Brit ønsker tilbakemelding på kor mange som kjem - både dei som ønsker at ho skal ordna privat overnatting og andre. Håpar at flest muleg vil vera med!
Anne Nes er kontakt i Stangvik, og har telefon 90217232.
Bildet viser trioen Poing i aksjon under opningskonserten i Prestegarden under årets Stangvikfestival.

.png)

