svanem otnes blodtype_550x472

Opna skolen for 10.klassingane

Onsdag 25.januar arrangerte Surnadal vidaregåande skole open dag for 10.klassingane i Halsa, Rindal og Surnadal. Elevane fekk ei orientering om kva tilbod skolen kan gje dei. Kjell Runar Otnes (bildet) var gjest på studiespesialisering, der Maren Svanem viste kva dei arbeider med i faget biologi. På bildet stikker Svanem i fingeren til Otnes, for å finne ut kva for blodtype han har. Sjå mange bilder og videoklipp her.

Det lokale næringslivet fekk og høve til å presentere tilbodet sitt, og fortelje kva dei er på utkikk etter når det gjeld arbeidskraft.

Kjell Runar Otnes er elev i 10.klasse på Surnadal ungdomsskule. Han var "prøvekanin" da biologielev Maren Svenm skulle demonstrere korleis ein bestemmer blodtype. Mali har allerede bestemt seg for å søkje seg til idrettsfag på Meråker, der han får trene seg meir på skyting som er Kjell Runars store interesse. - Eg gler meg til å flytte på hybel, få "luft under vingane" og kome meg bort frå dei heime, gliser Otnes. 

 


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Anders Grytbakk og Anders Løfald frå Rindal likte seg godt på besøk på Surnadal vidaregåande skole, men er ikkje heilt sikre på kva dei vil enda - Eg er usikker, men tru det blir byggfag eller studiespesialisering, og da truleg her i Surnadal. Men sikker er eg ikkje, seier Grytbakk. - Eg søkjer meg til idrettsfag på Follo. Der vil eg satse på fotball, seier  Løfald.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På skolens mekaniske verkstad treffer vi Hanne Heggset og Ingrid Dannevig som skal prøve seg på sveising for første gong. Linda Margareth Øye er utdanna sveiser og arbeider som elevassistent på skolen. Ho passa på at alt gjekk rett for seg. - Vi har aldri sveisa før, så dette er både spanande og artig, seier jentane som ikkje kjem til å søkje seg til teknikk- og industriell produksjon neste skoleår. - Nei, vi kjem til å søkje på studiespesialisering, men utruleg artig å sjå kva dei gjer på her, sier Heggset og Dannevig.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Søknadsfrist for dei som søkjer om inntak med behov for spesialundervisning, lærekontrakt med unntak frå opplæringsordninga eller opplæringskontrakt er 1.februar 2011. For dei som søkjer om ordinært inntak til vidaregåande skolar og formidling til bedrift er søknadsfristen 1.mars 2011.

Elevane på språk,  og økonomi song "fader Jacob" på fleire språk til gjestane sine. Sjå videoklipp her.

bilbane
Ole Sæther
helsefagarbeidere
Elevar på Vg2 Helsearbeiderfaget
ingunn lærling
Ingunn Løset er lærling i Rindal
liv mari fysikk
Liv Dannevig og Mari Sylte
maren odin
Maren Sven sjekker blodtype
seigmann
Strekking av seigmenn
sveising
Sveising