
Opnar rundt fjøs
I dag er det opning av det runde fjøset på Tingvoll gard. Her har kyrne eigen veranda slik at dei kan gå ut og inn som dei sjølv vil. I morgon, laurdag, er det vårfestival, ein uformell og innhaldsrik dag i hagen. Der blir det økosafari, vårknipesuppe og salg av småplanter av grønnsaker og urter. Det vil også vere bokslepp for boka "Kjøkkenhage" av Kirsty McKinnon.

.png)

