
Oppdrettslaks på rømmen
Denne veka kom meldinga om rekordstor rømming frå oppdrettsanlegget til Salmar ved Forsnes på Hitra. I ei merde med 176 000 oppdrettslaks var det berre mellom 5 000 og 15 000 att! Rømminga er tre gonger så stor som den tidlegare rekorden i Trøndelag! Konsekvensane er det ingen som veit enno.
Rømminga vart ikkje oppdaga før det vart registrert mye oppdrettslaks i Aure. Oppdrettslaksen er dermed truleg spreidd over eit stort område. Fleire viktige lakseelvar ligg innafor dette området, Surna, Orkla og Gaula. Det står att å sjå kor mange av desse rømlingane som finn veg til elvane. Dette er ei naturkatastrofe som anlegget blir stilt til ansvar for. Adressa skriv dette om bøter. Ser vi avisoppslag frå i haust, så greier dei å betale bøtene sine

.png)

