Oppfyller ikkje måla i landbruksmeldinga
Bondeorganisasjonane braut i mai årets jordbruksforhandlingar fordi statens tilbod ikkje ga rom for dei nødvendige satsingane som må til for å sikre rekruttering til næringa og for å oppfylle måla i den nye stortingsmeldinga om jordbruket.
Fylkesleiar Oddvar Mikkelsen i Møre og Romsdal Bondelag seier at sjølv om landbruket 26. juni vart einige med staten om ei fordeling av midlane i tråd med føringane frå Stortinget, er det ikkje i år inngått ei ordinær jordbruksavtale med staten. Det er Stortinget som med knappast mogleg fleirtal beståande av Høgre, Framstegspartiet og Venstre som har vedteke målprisar og budsjettramme i årets jordbruksavtale.
- Budsjettramma gir etter vår meining ikkje rom for å oppfylle måla om inntektsutvikling, produksjonsauke basert på norske ressursar og satsing på jordbruk over heile landet som ligg i stortingsmeldinga, seier Oddvar Mikkelsen, fylkesleiar i Møre og Romsdal Bondelag.
Stortinget overlot til forhandlingspartane å fordele vedtatt budsjettramme. Mikkelsen meiner jordbrukets forhandlingsutval har gjort ein god jobb med å snu viktige delar av landbruksminister Jon Georg Dales politikk.
- Sjølv om vi har oppnådd å vri delar av den knappe ramma over til tydelegare prioritering av dei mindre bruka og noko meir distriktssatsing, så er ikkje dette nok til å motverke den negative utviklinga i jordbruket i fylket. Bøndene vil neste år få mindre inntektsauke enn andre grupper, stikk i strid med formuleringa i stortingsmeldinga.
- Alt i alt vart fordelinga av midlane ganske god, og vi får meir tilskot til grøfting, noko som er eit godt klimatiltak. Vi beheld beitetilskot på innmark med litt redusert sats, vi aukar tilskotet på utmark, vi beheld målprisen på svinekjøt og vi får noko meir midlar til investeringar med inntil 35 % tilskot. Vi er mindre fornøgd med at dei lettare sauerasane og storferasane vil få mindre kvalitetstilskot på kjøt, og at grasprodusentane på sentrale Austlandet får redusert arealtilskot. Den ekstra satsinga vi kravde for dei mindre mjølke- og ammekubruka i Vestlandsfylka fikk vi ikkje til med den ramma Venstre fikk gjennomslag for, seier Mikkelsen.
No håpar han at landbruk, matproduksjon og kulturlandskap blir tema i valkampen. - Landbruk er for viktig til at berre bønder skal vere opptekne av det, avsluttar Oddvar Mikkelsen.
Dette skriv Møre og Romsdal Bondelag i ei pressemelding tirsdag.