Bergsvein Brøske ingress 2000

Oppgraderinga av Alti Surnadal held fram som planlagt

Trass utfordrande tider innan varehandel og kjøpesenterbransjen, har ikkje Lars Ove Løseth, Lorentz Sæter og Bergsvein Brøske i Alti Forvaltning planer om å bremse oppgraderinga av Alti Surnadal.

Ingressbilete: Eigedomssjef Bergsvein Brøske i Alti Forvaltning i det som blir Princess sine nye lokaler - der Notabene var før.
 

– Vi stoppar ikkje renoveringa, men køyrer på vidare for å bli ferdige med prosjektet. Denne oppgraderinga har surnadalingane venta lenge nok på, seier Lars Ove Løseth, administrerande direktør i Alti Forvaltning.

Som følgje av koronapandemien og tiltak i samband med den, opplever mange bransjar innan varehandel eit stort inntektstap. Det fører og til utfordringar for dei som forvaltar kjøpesenter, som Alti.

– Det er spennande og utfordrande å vere kjøpesenterforvaltar om dagen, seier Løseth, og fortsett:

– Innan varehandel lever ein av at folk er ute, treffast og er saman, og dermed lid mange bransjar no store inntektstap. Utfordringane forplantar seg vidare i form av at mange får problem med å betale husleige, og dette fører til at kjøpesenterselskapa får problem med å overhalde betalingsforpliktelsane sine til bankane.

Løseth fortel at Alti Forvaltning får veldig mange henvendingar om praktiske og økonomiske konsekvensar, som følgje av situasjonen varehandelbransjen no er i.

– Konseptet med kjøpesenterdrift er å skape verdiar i fellesskap, og usikkerheit i delar av fellesskapet skapar usikkerheit i heile. Dei siste 14 dagane har vore ganske heftige for alle involverte, trur eg, seier han, og legg til:

– Vi og ventar å ha ei utfordrande tid, økonomisk, for eigen del – avhengig av kor lenge denne situasjonen varer. Det er ei krevande tid for alle, og vi bremsar no så godt som alle prosjekt for å avvente korleis dette slår ut.
 

Ombygging gjev positiv energi

Eitt av prosjekta Alti er godt i gang med, er oppgradering av Alti Surnadal. Den prosessen har Løseth og eigedomssjef Bergsvein Brøske ingen planar om å stoppe.

– Surnadal har venta så lenge på ei oppgradering, og vi er så godt i gang, at no blir ho gjennomført. Det blir heilt sikkert nokre ekstra skjær i sjøen på grunn av koronasituasjonen, men vi køyrer på og tek den økonomiske risikoen. Vi trur senteret blir veldig bra når prosjektet er ferdig, seier Løseth.

Han får støtte frå Brøske:

– Heldigvis vert det kommunisert frå alle hald at dette er noko vi skal komme oss gjennom, og eg tykkjer det er flott at vi har kraft og pågangsmot til å vidareføre byggeprosjektet, slik situasjonen er.

Eigedomssjefen held fram:

– Vi var veldig godt i gang med ombygginga før koronaviruset og dei medfølgjande tiltaka, og prosjektet er med på å gje oss positiv energi og framtidstru. Vi får ekstra guts av å vite at vi held på med ei oppgradering, som fører til at vi får eit renovert og moderne senter når ting normaliserer seg.

Ombygginga og omrokeringane ved Alti Surnadal er altså i full gang. Ivar Øverlie AS har allereie flytta inn i lokala Diamant heldt til i før, og det nye Princess-lokalet, der Notabene var før, nærmar seg ferdig.

– I dei gamle Notabene-lokala, der Princess skal inn, er oppussingsarbeidet så godt som ferdig. Vi har att å rette opp golvet, og litt siste finish på veggane. Deretter er det klart for å sette interiør, seier Brøske.

Hovudfokuset no og i tida framover, vil vere ombygginga og utbygginga av Johansen Conditori.

– Alt går etter planen framdriftsmessig der, seier Løseth.

Johansen Conditori er no på plass i midlertidige lokaler, der Nille låg før. Men arbeidet med å pusse opp og utvide dei eksisterande lokala deira er godt i gang.

Brøske fortel om utbyggingsplanane, som vil gje eit stort og åpent konditori og godt med plass til gjestar. Eigaren Arne Johansen uttalte til Trollheimsporten i slutten av januar at målet er å bli den beste spisestaden i Surnadal, og mellom anna vil dei satse meir på middag og pizza enn før.

Så fort dei nye Princess-lokala er ferdige, startar justeringane i Princess sine gamle lokaler, der bokhandlarkjeden ARK skal inn.

– Deretter går det slag i slag, med fellesareal og liknande. Det blir og nye fasadar og litt oppussing der TheLOOX tek over etter Ringo, sjølv om det ikkje skal flyttast veggar der, seier Lars Ove Løseth.

Han innrømmer at koronasituasjonen kan påverke den endelege sluttdatoen for prosjektet.

– Men det skal gjennomførast, sjølv om det er stor usikkerheit knytt til kor lenge denne spesielle situasjonen varar.

Johansen Conditori sine lokaler under ombygging og utviding:

Bergsvein Brøske i Johansen Bakeris nye lokaler 690.jpg

Johansen Conditoris nye lokaler 690.jpg
 

– Viktig å oppretthalde servicetilbodet

Både Løseth og Brøske trur det å oppretthalde servicetilbodet så nær normalt som muleg, er viktig for samfunnet, både lokalt og nasjonalt.

Difor har Alti stort fokus på tryggleik og smittevern på kjøpesentra sine, slik at butikkar skal kunne halde åpe og kundane føle seg trygge.

– Vi har trappa opp reinhaldet, og desinfiserer mykje og ofte. Vi legg ned ein stor innsats for å få ut informasjon både til leigetakarar og kundar, og har teke i bruk klistrelappar i køsoner, for å hjelpe folk med å halde avstand til kvarandre, seier Løseth, og fortsett:

– Desse grepa gjer vi for å bidra til at samfunnet kan leve eit så normalt liv som muleg i unormale tider. Enkelte butikkar har måtta stenge etter pålegg frå myndigheitene, men det får ein ikkje gjort så mykje med.

Brøske peikar på senteret og oppgraderinga som eit prosjekt som kan bidra positivt i lokalsamfunnet.

– Eg trur det er viktig å oppretthalde servicetilbodet, sjølv om det naturleg nok ikkje blir heilt som normalt. Det er og viktig at folk opplever at det er gjort tiltak for å halde smittefaren låg, seier han, og legg til:

– I den situasjonen vi er i no, gjer det godt for folk at ikkje alt er stengt ned. Det er viktig at noko fungerer og er i verksemd; at ein kan stikke innom InterSport for å få hjelp til å reparere sykkel eller innom Ringo for å kjøpe nye leikar til ungane.

Den tidlegare ordføraren i Surnadal meiner at det er viktig å sjå lyspunkt i det han omtalar som ei «alvorsam» tid.

– Midt oppi alle utfordringane koronaviruset bringer med seg, er det gledeleg at vi kan halde fram med oppgraderinga av senteret. Det handlar det om å gjere det beste ut av ein utfordrande situasjon, seier Brøske, medan Løseth deler ut ros til dei tilsette i butikkane.

– Vi har framleis mange som er på jobb på senteret kvar dag, og dei gjer verkeleg ein kjempejobb. Dei har lest seg opp på viktig informasjon frå Folkehelseinstituttet og har så god kunnskap som muleg for å handtere denne situasjonen.

 

Brøske oppmodar folk til å bruke lokale butikkar i tida framover:

– Eg håpar kundane tenkjer over kva dei kan unngå å handle på nett, og heller handle lokalt. Vi er avhengige av å få pengar i sirkulasjon i lokalsamfunna våre, og er glade for alle som handlar lokalt. Dette gjeld sjølvsagt og til vanleg, men spesielt no, når situasjonen er som den er.

lars ove løseth og lorentz sæter 690.jpg
Lars Ove Løseth og Lorentz Sæter lar ikke koronasituasjonen stanse oppgraderingen av Alti Surnadal (Arkivbilde).

tor rune halset, lars ove løseth, bergsvein brøske, lorentz sæter og arne johansen 690.jpg
Tor Rune Halset fra TheLOOX, Lars Ove Løseth, Bergsvein Brøske og Lorentz Sæter fra Alti og Arne Johansen fra Johansen Conditori i forbindelse med pressetreff i januar - altså i god tid før avstandsrådene ble innført (Arkivfoto).