Surnadal Legesenter

Oppheva karantene for husstand i Surnadal

​Ein husstand i Surnadal kommune har sidan tysdag vore i karantene grunna mistanke om koronavirus-smitte. Dette var eit føre-var-tiltak i påvente av prøvesvar.

- Vi har no motteke negativt prøvesvar, og behovet for karantene er ikkje lenger til stades, skriv Surnadal kommune i ei pressemelding onsdag ettermiddag. 

Kommunen minner om at det er viktig med god handhygiene.

- Vask hendene godt etter toalettbesøk, før måltid, og når du kjem heim i frå arbeid eller har vore på plassar der andre ferdast.

Surnadal kommune oppfordrar alle til å følgje Folkehelseinstituttet sine anbefalingar.