fellesbilde selbu

Oppigard «invadert» av selbygg

TaeKwon-Do-sommarleirane i Surnadal har vakse seg så store at overnattingskapasiteten i bygda er sprengt når leirane pågår. Holger Skei og kona Kirsti Golmen Skei er blant dei mange private som no trår til, og denne veka har dei 15 utøvarar frå Selbu buande hos seg i Oppigard på Skei.

I fleire år har dei snakka om at dei ønska å hjelpe til med overnattingsplass under dei populære sommarleirane i TaeKwon-Do, Holger og Kirsti Skei.

Då Trude Øhlén frå Selbu i fjor tok turen til Oppigard og spurte om det kunne vere muleg for henne og familien å bu der under leiren, var ekteparet difor ikkje tunge å be.

– Kjell Gunnar Polden og dei andre som jobbar med sommarleiren er så flinke til å få folk hit til bygda, og vi såg at det etter kvart vart problem med å få innkvartert alle. Difor ønska vi å bidra, fortel Holger Skei.

Og Kjell Gunnar Polden, som bortimot må kunne kallast guru i Surnadal TaeKwon-Do-klubb, set stor pris på gjestfriheita.

– Vi følte oss trygge på at dersom Trude tok turen opp til Holger og Kirsti, ville dei ikkje seie nei til henne. Men sjølv om ho etter opphaldet i fjor avslutta med å seie at «Kanskje vi fyller opp heile huset med folk frå Selbu neste år», trur eg ikkje heilt dei såg dette komme, ler Polden.

For under vaksenleiren, som går av stabelen denne veka, er heile ni utøvarar frå Selbu innkvartert på loftet på Oppigard. I tillegg bur seks personar i ei campingvogn på gardstunet.

Inkludert dei som er innkvartert ved Nordmøre Folkehøgskule, tel Selbu-delegasjonen på leiren 24 personar, og gjengen samlast på Oppigard om kveldane.

– Oppigard er rett og slett samlingspunktet for Selbu-utøvarane, og då vert det fullt hus, smilar Polden.

holger skei, kirsti golmen skei, kjell gunnar polden og trude øhlén.jpg
Kirsti Golmen Skei, Holger Skei, Kjell Gunnar Polden og Trude Øhlén på trappa på Oppigard.
 

Nærmar seg 200 000 overnattingsdøgn

Og fullt hus har Holger og Kirsti slett ikkje noko imot.

– Folk må hugse at TaeKwon-Do-sommarleirane er det største tiltaket i Surnadal når det gjeld å legge att pengar i bygda. Kjem ein på ein helgatur kan ein ha med proviant i bil, men når ein er her ei heil veke – då må ein på handel, seier Holger.

Kjell Gunnar Polden fortel at årets sommarleirar gjev rundt 7000 overnattingsdøgn i Surnadal. Med tanke på at dette er det 29. året med sommarleir, er det liten tvil om at arrangementet har gjeve enorme, positive ringverknader i kommunen.

– Vi starta med ein leir med 200 deltakarar, men allereie tredje året vi arrangert vart leiren så stor at vi måtte dele i to. Dei siste 15 åra har vi måtta dele opp i tre leirar, seier Polden, og legg til:

– Anders Bolme og eg har rekna litt på det, og vi kom til at leirane har gjeve mellom 150 000 og 200 000 overnattingsdøgn i Surnadal så langt.

– Det er heilt fenomenalt kva Surnadal TaeKwon-Do-klubb og Nordmøre Folkehøgskule har fått til med leirane, seier Holger Skei.

Under vaksenleiren denne veka er om lag 450 deltakarar og instruktørar, pluss familiar, på plass i bygda.

Polden trekkjer fram det høge servicenivået i Surnadal som ein positiv og viktig faktor for kvifor leirane er så populære.

– Folk som bur i Surnadal veit ikkje kor heldige vi er, når det gjeld det gode servicenivået i kommunen. Deltakarane våre er over seg over kor godt mottekne dei blir, anten det er på butikkane, bensinstasjonane, hos overnattingsplassar, politiet eller anna.
 

– Vert teke godt vare på

Trude Øhlén, som starta Selbu-«invasjonen» på Oppigard i fjor, er godt kjend med Surnadal frå før. Ho var elev på dramalinja ved Nordmøre Folkehøgskule i 1998/99, og praktikant ved skulen året etter.

– Eg var litt sein på å melde på meg og dottera mi i fjor, så det var fullt på alle overnattingsplassar. Då tipsa Hjørdis Telstad ved folkehøgskulen meg om Holger og Kirsti, så eg svinga oppom og tok ein prat med dei, seier ho, og fortsett:

– Dei var veldig positive, og vi fekk ein kjempetriveleg opphald på Oppigard. Ein manglar ingenting her, ein kjem til ferdig oppredde senger og vert teke godt vare på.

Gunnar Kvarme er leiar i Selbu TaeKwon-Do-klubb, og gift med surnadaling Berit Garte. Han støttar Øhlén sin ros av Oppigard, Holger og Kirsti.

– I tillegg til at det er triveleg å bu her er det jo så sentralt som ein kan få det, seier han, og får støtte av Øhlén.

– Ja, her er det kort veg til både butikk og folkehøgskulen, der mykje skjer under leirane.

trude øhlén, gunnar kvarme, geir ove rønsberg 2.jpg
Trude Øhlén, leiar Gunnar Kvarme og hovudinstruktør Geir Ove Rønsberg frå Selbu TaeKwon-Do-klubb.
 

Fleire private låner ut husrom

Kirsti Golmen Skei og Holger Skei er glade for at Selbu-gjengen trivst, og fortel om ein kjekk gjeng å ha i hus.

– Dei er veldig trivelege, og det har vore null problem så langt, smilar Kirsti, medan Holger legg til:

– Det er alltid slik med TaeKwon-Do-folket som kjem til bygda, det er aldri problem med dei. Vi bur midt i smørauget her på Skei, og ser aldri noko tull eller tøys frå dei.

– Vi har vore heldige slik, seier Polden.

Han fortel at fleire private, mellom anna Øyvind Holte, stiller husrom til disposisjon i samband med leirane – rett og slett for å sørge for at alle deltakarane har ein plass å bu når dei er i Surnadal.

– I tillegg ser vi at fleire og fleire legg ut hus og leiligheiter på AirBnB, medan mange av deltakarane etter kvart kjenner surnadalingar dei kan bu hos, sidan dei har vore her på leir mange gonger før.
 

Bading redninga i varmen

I starten av veka gjorde varmen det utfordrande for arrangørane.

– For første gong i løpet av 29 år måtte vi kutte førsteøkta på grunn av varmen. Det var berre å gløyme å ha så mange folk på trening i idrettshallen, og når det er over 30 grader svir ein av seg beina på gummigranulaten på Øye stadion og.

Bading vart redninga, ifølgje Polden.

– Laurdag kveld var 80 stk på bading i Kvennbøhølen, og det har vore fullt av folk på Kalkstranda, og folk har både bada og overnatta i Folldalen, seier han.