2020-03-28 (9)

Digital filmpremiere

Opplev Rindal

Lørdag kveld kunne vi oppleve premiere på ein spilder ny film om Rindal, og etter å ha sett den, må vi seie at her har Opplev Rindal med god støtte frå Rindal kommune og Rindal Sparebank fått god valuta for pengane!

Filmpremieren vart sett av 1288 personar, frå Trondheim og Oslo, Seattle, North Dakota og California, i tillegg til dei lokale sjåarane, kan Inga Dalsegg i Opplev Rindal fortelle.

Det var eigentleg fem filmar som viste oss Rindal med forskjellige utgangspunkt. Jo Sverre hadde bakgrunnsmusikken i godt utvalg som passa til bildescenene, både innhaldsmessig og med tilpassa lydvolum.

Vi var innom alle dei mest kjente, og litt mindre kjente attraksjonane Rindal har å by både innfødte og tilreisande. Alle årstidene var også representerte, og alt var berre positivt!

Vi fekk også møte høttrindalingar som var overlag godt fornøgde med at dei hadde havna akkurat her, ved Grønlivatnet eller Langvatnet.

- På bilturen hit frå Trondheim brukar eg omlag halv tank på elbilen, sa den eine høttrindalingen.

Så møtte vi representantar frå bygda som viste kva dei dreiv med.

Filmane viste flotte naturscener, mange flotte naturscener! Dronebilda gav oss luftige blikk som ikkje eingong innfødte opplever!

Inga Dalsegg var utøvande produsent og fotograf og regissør var Steven Turner.

Gjekk du glipp av premiereforestillinga, så kan du sjå filmane her!

91301713_214064093138032_5747261073543659520_n.jpg
Dette er Jim Porter i Seattle pynta til filmpremiere sendt frå Rindal. Han sendte bildet til Opplev Rindal

91489194_2801698096565361_6257571791821078528_n_690x920.jpg
Her  er to av høttrindaling-barna som var med i hyttedelen av filmen klar til filmpremiere. Bildet er frå Opplev Rindal.

2020-03-28 (1).jpg
Skitur på Grønlivatnet

2020-03-28 (14).jpg
- og i puddersnø på Garbergsfjellet

2020-03-28 (16).jpg
Huldra i Rindalsbunad møter vi både på ski og til fots

2020-03-28 (22).jpg
Bonden hører med, og bakaren (nedafor) i lag med fleire andre arbeidsfolk dukka opp

2020-03-28 (23).jpg

2020-03-28 (4).jpg
Gapahuken ved Langvatnet var eitt av turmåla som vart vist

2020-03-28 (7).jpg
Oppe i Røsliene såg vi huldra høgt over nedre del av Bokta med Trollheimen i bakgrunnen