Gardtona i Fjellet

Stavgangtur til Halgunseten og Fjellet

Oppover bratte bakkan..

Dei fleste som har køyrt gjennom Rindalen har lagt merke til Halgunsetgardane der dei tronar høgt mot himmelen. Her har dei sola heile året, og mange som ligg i skuggesida av dalen kan misunne dei sollyset på mørkaste vinteren. Bakom Halgunseten, og enda lengre til fjells ligg garden Fjellet. Stavganggruppa ved Rindal frivilligsentral la turen dit sist veke. Det er bratt til gards!

 

Vi parkerte ved Lomunda og la i veg oppover bratte bakkan...

Vi passerte gammelhusa i Grøtan, der Kari og Bård Gåsvand har restaurert låna og fått seg ein fin heim

Så bar det oppover bratte bakkan mot Halgunseten

Brit Stokke nyt utsikten frå Halgunseten

Garden Fjellet. Her bur Elisabet og Einar Asphaug med tre barn og kårmannen Einar senior.

Her er vi komne opp i Fjellet. Først i rekkja er 87-årige Ildri Grønli, lett på fot som ein ungdom!

I Fjellet bygger dei på fjøset og fordoblar besetninga til 200 vinterfora spelsau. Olav Børset er byggmeister med upåklageleg utsikt frå arbeidsplassen sin

Frå Fjellet gjekk vegen til Fjellbu, hytta til Rønnaug og Ola Brønstad. Her vart det velfortent kaffepause

På heimtur med utsikt mot Møkkelgardsgrenda. Frå venstre Utistu Møkkelgård, Austigard og Utigard Storløkken og
Møkkelgardstrøa (blått hus) øvst. Heilt til høgre i bildet: Bakk

Halgunsetgjeret til venstre, Nerbakk og Vollset. I bakgrunnen skimtar vi Høgholten

Møkkelgardsgrenda. Frå venstre: Nestua, Utistua, Utigard og Austistua

Fin tur! Frisk luft! God trim!

Fleire bilde frå denne og andre stavgangturar finn du her på heimesida til Rindal frivilligsentral

Alle foto: Anne Skjølsvold