Oppstart av skogvern i Bæverfjorden
Fylkesmannen melder oppstart av plan for to nye naturreservat i samsvar med reglane i naturmangfaldlova § 42. Arbeidet gjeld eit område på ca. 1950 dekar på Kanestraum og eit område tilsvarande i Bæverfjorden på ca. 430 dekar.
Områda ligg på privat grunn og er med i ordninga med friviljug vern av skog. Formålet med vernet er å sikre biologisk verdfulle skogsmiljø. Naturreservat medfører forbod mot alle inngrep som kan endre naturmiljøet.
Høyringsfristen er 1. februar 2019 00.00