
Bokslepp i Surnadal
”Ord te gagns”
Arven frå Bjarne Østbø
Mange lange kveldar har gått til arbeidet med boka, som byggjer på arkivet Bjarne Østbø etterlot seg i 1980. Styraren ved Surnadal Ungdomsskule sat på både ferdige og uferdige setlar med ord som han registrerte i Surnadal. Desse var samla i et spesiallaga treskrin, som seinare vart overlate til Surnadal kommune.
Under Surnadal Heimbygdelags årsmøte i 2006 foreslo Magne Holten at ein kunne gjere noko med dialektmaterialet til Bjarne Østbø. Under årsmøtet 2007 vart ei nemnd beståande av Sverre Hatle, Gunhild Mogstad og Gustav Kvendbø oppnemnd, og i oktober avtalte dei ei dialektspalte med lokalavisa Driva, ”Ord på kistebotnen”, som inviterte lesarane til å komme med innspel til ordlista.
Engasjement
I perioden fram til februar 2009 aktiviserte heimbygdlaget mange språkinteresserte personar i og frå bygda, som vart viktige medspelarar for nemnda. Ordboka vart også digitalisert og publisert på Surnadal Kommune sine heimesider. Den nyaste versjonen kan du lese på Surnadal kommune sine sider her.
- Det er tydeleg at folk i bygda synes dialekta er viktig. Eg har fått mange telefonar og e-postar av engasjerte sambygdingar i arbeidet meg boka, seier Sverre Hatle.
Dette gjaldt også redaktørane av boka.
- I innspurten av skriveperioden vakna eg om natta av ord og uttrykk som vi måtte ha med, ler Gunhild.
Les meir om konserten ved å trykke her.