lilly gunn nyheim

Ordførarens dobbeltstemme sikra auka stønad

Det vart ein thriller av dei sjeldne då kommunestyret i Surnadal skulle vedta tiltak for sikring av økonomien til Surnadal Alpinsenter AS og Surnadal Alpineiendom. Avstemninga om auka stønad til Surnadal Alpinsenter AS enda 13-13, og dermed sikra ordføraren si dobbeltstemme alpinsenteret meir pengar dei to neste åra.

Ei av dei sakene det var knytt størst spenning til på tysdagens kommunestyremøte i Surnadal, var om kommunestyret ville støtte formannskapet si tilråding om auka stønad til Surnadal Alpinsenter AS.

Eit splitta formannskap vedtok i slutten av januar Arbeiderpartiet sitt forslag til vedtak. Dette vil gje Surnadal Alpinsenter AS 250 000 kroner ekstra i stønad, opp frå 1 000 000 til 1 250 000 kroner i året, i 2020 og 2021. 

I formannskapet er det raudgrønt fleirtal, det er det ikkje i kommunestyret. Det var difor duka for spenning rundt både diskusjon og avstemning tysdag.
 

– For mykje med 500 000 ekstra

Bernt Venås fremma rådmannen si opprinnelege tilråding til formannskapet som nytt forslag.

– Økonomien til kommunen er pressa, og korleis den blir i åra framover veit vi ikkje. Det vi veit er at kommunen har primæroppgåver, tenester vi skal tilby. Så kan vi, dersom vi har noko til overs, bruke pengar på sekundæroppgåver, som alpinanlegget. Vi meiner at rådmannen si tilråding til formannskapet var eit offensivt forslag  og eit klart ja til alpinanlegget.

Venås heldt fram:

– Så kom det eit forslag om å innvilge 250 000 kroner ekstra per år dei to neste åra, til saman 500 000 kroner. Det tykkjer eg er for mykje, og det gjev feil signal. Dei som driv i Sæterlia er offensive og flinke, det er viktig at vi klarer å gje dei eit best muleg instrument for å gje alt og sikre ei bærekraftig drift i åra framover. Gjev vi for mykje, med ein endå meir pressa økonomi, står vi i fare for at vi ikkje maktar å halde liv i alpinanlegget på sikt.
 

Forslagsstillar forklarte bakgrunnen

Også Nils Petter Tonning (FrP) var imot formannskapet si tilråding om ekstra stønad i 2020 og 2021.

– Vi er imot å bevilge ekstra pengar. Det er viktig at vi stiller krav til den å snu den negative trenden. Vi skal forvalte veljarane sine pengar, og må jobbe ut i frå den økonomiske situasjonen vi er i. Det er ikkje berre å be om meir pengar heile tida, sa Tonning, og la til: 

– Samtidig må vi skryte mykje av dei som driv anlegget, dei gjer ei kjempejobb. Men vi må passe på at vi ikkje driv overforbruk. Eg er med på rådmannen si opprinnelege tilråding, men ikkje på dei ekstra 250 000 kroner per år dei to neste åra.

Varaordførar Helge Røv var mannen bak forslaget om auka stønad i formannskapet. Han tok ordet og omtala dette som ei stor, viktig og vanskeleg sak. Røv viste til tidlegare skriv frå styre og eigarar, samt rekneskapa til dei aktuelle selskapa, som bakgrunn for kvifor han og Arbeiderpartiet ønskjer å auke stønaden.

avstemning.JPG
Avstemninga enda 13-13. Dei som sit støtta formannskapet si tilråding, dei som står støtta Bernt Venås sitt forslag, som var identisk med rådmannen si opprinnelege tilråding.
 

13-13 i avstemninga

Etter gruppemøter tok Margrethe Svinvik (Sp) ordet, og fortalte at gruppa hennar kom til å støtte rådmanne si opprinnelige tilråding.

– Under tvil har vi likevel vorte samde om å støtte rådmannen si opprinnelege tilråding.

Svinvik fekk støtte frå Tor Rune Halset.

– Vi skal ikkje slå handa av dei som driv. Dei får heller kome attende til oss ved neste korsveg, dersom vi ser at dette ikkje blir nok.

Avstemninga vart, som venta, jamn. Kathrine Mauset (H) hadde på dette tidspunktet i møtet fått innvilga søknad om permisjon, slik at det var 26 og ikkje 27 stemmeberettiga representantar til stades. Til slutt enda det 13-13, og dermed vart dobbeltstemma til ordførar Lilly Gunn Nyheim (Ap) avgjerande. Den sikra dermed at formannskapet si tilråding vart ståande.

Formannskapet si tilråding, som altså vart vedteken:

7. Med utgangspunkt i kommunestyrets vedtak i sak 4/15 pkt 3, godkjenner Surnadal kommune som eigar at spelemidlane for kunstsnøanlegg, park, traséar og garasjeanlegg mv. (både utbetalt del og restsummen, tilsaman kr 4.967.000) fortsatt skal stå på konto tilhøyrande Surnadal Alpineiendom AS og skal ikkje betalast tilbake til eigar. Beløpet skal øremerkast til bruk som egenkapital i framtidige investeringar for utvikling av anlegget i Surnadal Alpinsenter.

8. Surnadal kommunestyre er positiv til at Surnadal Alpineiendom AS arbeider vidare med planlegging/prosjektering av ny varmestue i alpinsenteret. I dette ligg også tilpasning av bygget for få mest muleg spelemidlar til prosjektet.

9. Surnadal Alpineiendom AS har (jfr. pkt 1) ein solid eigenkapital og forutsigbar drift, og skal sjølv sørge for nødvendig finansiering gjennom eigenkapital, spelemidlar og låneopptak.

10. Surnadal kommunestyre vil be rådmannen om at det (om ønskeleg) blir stilt nødvendige kommunale personalressurser til rådighet for å bistå styret i Surnadal Alpineiendom AS i arbeidet med planlegging, prosjektering, søknader på spelemidlar mv. Surnadal kommune Tiltak for styrking av økonomien i Surnadal Alpinsenter AS / Surnadal Alpineiendom AS

11. Surnadal kommune aukar den årlege støtta fra Næringsfondet til Surnadal Alpinsenter AS med kr. 400.000 (fra kr 600.000,- - kr. 1.000.000,-) for 2019. For 2020 og 2021 blir den årlege støtta auka til kr. 1.250.000,-. I denne perioden bør selskapet få svar på om rammen på tilskotet er nok til forsvarleg drift, og om det økonomiske resultatet bidrar til muligheiter for naturleg utvikling og bygging av egenkapital.

12. Styret i Surnadal Alpinselskap AS skal, ved utløpet av kvar månad, legge fram økonomirapport til ordførar og rådmann. (Pkt. 6 i tilrådinga blir da pkt. 7) 13. Kommunestyret skal bli løpande orientert om drifta / økonomiske forhold i begge selskapa minst to gonger årleg.


Rådmannen si opprinnelege tilråding, som Bernt Venås (Sp) fremma på nytt i kommunestyret tysdag:

1. Med utgangspunkt i kommunestyrets vedtak i sak 4/15 pkt 3, godkjenner Surnadal kommune som eigar at spelemidlane for kunstsnøanlegg, park, traséar og garasjeanlegg mv. (både utbetalt del og restsummen, tilsaman kr 4.967.000) fortsatt skal stå på konto tilhøyrande Surnadal Alpineiendom AS og skal ikkje betalast tilbake til eigar. Beløpet skal øremerkast til bruk som egenkapital i framtidige investeringar for utvikling av anlegget i Surnadal Alpinsenter.

2. Surnadal kommunestyre er positiv til at Surnadal Alpineiendom AS arbeider vidare med planlegging/prosjektering av ny varmestue i alpinsenteret. I dette ligg også tilpasning av bygget for få mest muleg spelemidlar til prosjektet.

3. Surnadal Alpineiendom AS har (jfr. pkt 1) ein solid eigenkapital og forutsigbar drift, og skal sjølv sørge for nødvendig finansiering gjennom eigenkapital, spelemidlar og låneopptak. Surnadal kommune Tiltak for styrking av økonomien i Surnadal Alpinsenter AS / Surnadal Alpineiendom AS

4. Surnadal kommunestyre vil be rådmannen om at det (om ønskeleg) blir stilt nødvendige kommunale personalressurser til rådighet for å bistå styret i Surnadal Alpineiendom AS i arbeidet med planlegging, prosjektering, søknader på spelemidlar mv.

5. Surnadal kommunestyre aukar den årlege støtta frå næringsfondet til Surnadal Alpinsenter AS med kr 400.000 (frå kr 600.000 til kr 1.000.000) i åra 2019, 2020 og 2021. I denne perioden vil selskapet få tid og mulegheit til å stabilisere driftssituasjonen gjennom auka inntektsgrunnlag.

6. Kommunestyret skal bli løpande orientert om drifta / økonomiske forhold i begge selskapa minst to gonger årleg.