Ordliste over surnadalsmålet

Surnadal kommune tok over den store ordsamlinga etter Bjarne Østbø. No har Surnadal Heimbygdlag, med Sverre Hatle i spissen, brukt denne - og samlingar frå andre - og laga til ei ordliste frå Surnadal.

Denne ordlista blir no lagt ut på heimesida til kommunen, slik at heimbygdlaget kan få tilbakemeldingar før dei gjer ferdig den endelege utgåva av ordboka.
Har du framlegg på korrigeringar, tilføyingar eller andre innspel - ber ein om at du sender ein e-post til sverhatl@online.no. Vi skulle tru at dette også var svørt interessant for mange rindalingar.
Ordlista finn du ved å gå til "kultur og fritid" i toppmenyen, og så nedst i venstremargen vil du finne "ordliste for surndalsmålet".