Picasa

Ormeyngel og agnebål

Når Johannes Døyparen tek på seg å rydde veg for Herren, går det ikkje direkte stilt for seg. Hensikta er truleg at folk må vakne frå tusenårssvevnen sin så dei kan vera rett budde til å ta imot Han Som Skal Koma. Det kan vera bodskapen frå Johannes Døyparen angår oss òg. Her er preika for 3.sundag i advent.

Lomundsjø 3.s.i adv.-14. Luk 3,7-18.

Mye folk dro ut for å bli døpt av Johannes, og han sa til dem: «Ormeyngel! Hvem har lært dere hvordan dere skal slippe unna den vreden som skal komme? Så bær da frukt som svarer til omvendelsen. Og begynn ikke å si til dere selv: ‘Vi har Abraham til far.’ For jeg sier dere: Gud kan reise opp barn for Abraham av disse steinene. Øksen ligger allerede ved roten av trærne; hvert tre som ikke bærer god frukt, blir hugget ned og kastet på ilden.»

«Hva skal vi da gjøre?» spurte folk. Han svarte: «Den som har to kjortler, skal dele med den som ikke har noen, og den som har mat, skal gjøre det samme.» Det kom også noen tollere for å bli døpt, og de sa til ham: «Mester, hva skal vi gjøre?» «Krev ikke inn mer enn det som er fastsatt», svarte han. Også noen soldater spurte ham: «Hva skal så vi gjøre?» Og til dem sa han: «Press ikke penger av noen ved vold eller falske anklager, men nøy dere med lønnen deres.»

Folket gikk nå med forventning, og alle tenkte i sitt stille sinn at Johannes kanskje var Messias. Da tok Johannes til orde og sa til dem alle: «Jeg døper dere med vann. Men det kommer en som er sterkere enn jeg, og jeg er ikke verdig til å løse sandalremmen hans. Han skal døpe dere med Den hellige ånd og ild. Han har kasteskovlen i hånden for å rense kornet på treskeplassen. Hveten skal han samle i låven sin, men agnene skal han brenne opp med en ild som aldri slukner.»

Dette og mye annet la han folket på sinne når han forkynte.

Du Johannes du Johannes. Kvifor tek du så hardt i? Kvifor er du så hard med folk som vil døypast med Johannesdåpen? Kvifor stiller du dei så til veggs, desse som vil døypast for å få orden på livet og leggja børene bak seg?

For det var dette Johannesdåpen var god for. Konkret og handfast nok er Johannesdåpen som ei vasking å rekne. Ein bekjenner synda og blir døypt som teikn på at lorten er vaska bort. Men det held berre inntil vidare. For Han med dåpen med Den Hellige Ånd og ild i tillegg er ikkje komen enno. Men no er han på tur…

Slik var det då. Folket levde i lengsel etter at Jesus skulle koma og ordne opp så alt vart på stell. Johannes døyper for å synleggjera at synd og skuld blir vaska av den som bekjenner.

Men kor lenge varar det før dei nydøypte ikkje lengre er nydøypte? Kor lenge varar det før dei må ta turen og bekjenne og få seg vaska ein gong til? Og ein gong til? Og ein gong til?

Johannes døyper og døyper, men det kan nesten synast som at han blir litt lei både av folk og av alle syndige tilbøyelegheiter hjå dei.

Så kjem formaninga til folk og syndarar: Spander på andre! Har du to kapper, så gje den eine. Har du mat, skal du dele. Tollarar skal vera ærlege. Og soldatar skal vera fornøygde med løna og ikkje bruke respekten for å truge til seg ekstra godtgjerdsle.

Me høyrer Johannes Døyparen si tale – og det kan vera me gjer det med ubehag. Uansett kor få eller mange klesskåp folk har tilgang på, så er dei jamt fulle. Me har så visst ikkje berre ei kappe me kunne gje bort!

Det same er vel med frysarar: Har me ein, er den vel jamt full. Og neimen om det blir likar` om me har to, tre eller fire frysarar, heller. Kunne me ikkje heller gje bort og dele i staden for å stadig kjøpe meir me må betale straum for å lagre?

Tollarar er det vel ikkje så mange av blant oss, men det er mange nok som deler last med sorten: Det er så lett å lure unna litt her og litt der … særleg viss me er trygge på at det ikkje blir folkesnakk eller avisoppslag av det.

Når det gjeld soldatar og trugsmåla dei kan koma med for å skaffe gode til seg sjølve, er vel heller ikkje dette nokon stor fristelse for oss. Men lell:
Kva trugsmål er det me rike står bak som er så effektivte at langt meir enn halvparten av folk på jorda ikkje har nok til å eta seg mette?

Formaninga til folk og syndarar kan me ikkje lure oss unna. Var det så me kom etter Johannes døyparen og kjenner Jesus og alt hans av både livs- og lidelseshitorie, fekk me også ansvar.

Så bèr då frukt som viser at de er omvende! seier Johannes. Og pratar både om ormeyngel og tre som berre er til å hogge ned fordi dei ikkje bèr frukt. Vidare pratar han om kasteskovla som blir brukt til å sortere korn frå agnar, skilja maten frå busta. Og så er det utruleg kor godt busta på kornet skal brenne – elden skal ikkje slokna.

Kva me lærer av dette? Kva har me å ta med oss heim så me kan bruke det?

Det kan vera me vart mint om kor viktig det er å vera seg etisk bevisst. Skal me ta Johannes på ordet, finst det donasjonar som er langt viktigare enn våre ynkelege forsøk på å finne på noko til nokon som har alt. Nokon har alt, mens andre korkje har mat eller klede. Då skulle det vera innlysande kven det er vårt ansvar å mette og kle opp.

Vidare kan det vera me lærte noko om å sjå stort på både Den Hellige Ånd og elden som me visst nok skal vera døypte med. Det kan vera me må be ei bøn eller to for å koble oss på dei gode kreftene frå Gud. Men me kan vera aldeles sikre på at me blir bønnhøyrt, ja. Og det skal vera bra sikkert at det kan bli frukt som svarar til omvendelsen. Det skulle reint vore rart å sett det??!