Overraska med korkonsert
I går onsdag, midt på dagen, overraska 10. klassetrinnet på Surnadal ungdomsskole med ein kjempeflott korkonsert i foajeen på kulturhuset. Med eigen pianist og trompetist saman med fleirstemt song var dette imponerande, fortel rektor Torbjørn Larsen ved kulturskolen på Indre Nordmøre til Trollheimsporten.
I publikumsmengden var bibliotekbesøkande, fjerdelassane frå Øye skole som var ute på tur, åttendeklassane frå ungdomsskolen som var på kino, lærarar frå kulturskolen og kulturhustilsette.
Kultursolen på Indre Nordmøre er medlemmer av Trollheimsporten og du finner heimesida deres her.
Her ser vi mykje kjekk ungdom som overraska med korkonsert i foajeen på kulturhuset i går:
Foto: Torbjørn Larsen - kulturskolen på Indre nordmøre.